Vasskrafta bygger landet

Arbeidsfolk med hjelmer foran brakke

Etter andre verdskrig kjem utbygginga av vasskrafta til å bli ei sentral brikke i gjenreisinga av landet. Store statlege utbyggingar blir realisert, og snur opp ned på fleire bygdesamfunn. Ein av dei er Tokke i Telemark som denne episoden handlar om.

Arbeid på anlegg. Arbeidere på anlegg.

Varsku her, ljoma det!

Det veldige Tokke-kraftanlegget skulle ta indre deler av Telemark inn i ei ny tid, og landet frå rasjonering til overskot av straum

Eldre mann utendørs.
Ragnvald Christenson oppe på Venemodammen, Haukeli hausten 2020. Foto: Guro Kvalnes, Kraftmuseet.
«Det endra heile samfunnet. Folk fekk pengar til å byggja seg hus og dei slapp å pendla […]. Det vart ein anna verden.»
Ragnvald Christenson, 2020

Ragnvald Christenson ser utover den veldige Venemodammen. Han er født og oppvaksen i dalen. Då anleggstida slo innover Telemarksbygdene fekk han seg arbeid som lastebilsjåfør. Han har lagt bak seg mange kilometer på smale anleggsvegar. Stein på stein, dynamittsalve, etter dynamittsalve.

- Dette med Tokke og anlegget, det opna alt saman her, seier Christenson.

I april 1956 starta eit av dei største vasskraftsprosjekta i etterkrigstida; utbygginga av Tokkeanlegget. Eit nedbørsfelt på over 3000 kvadratkilometer i Telemark skulle gi kraft til åtte kraftverk, over ti mil med tunellar og 7,5 TWh med kraft.

Tokkeanlegget skulle redda kraftforsyninga på Austlandet og gi eit løft til Vest-Telemark i form av arbeid og utvikling, men vegen fram til opning for anleggsarbeidet hadde vore både lang og krevjande.

Med lån frå Verdensbanken

I etterkrigstida opplevde Austlandet eit kraftunderskot både for industrien og for hushaldningane. Politisk var det difor stor semje kring utbyggjinga av det veldige Tokkeanlegget. Det var eit einstemming Storting som vedtok utbygginga.

Men økonomisk låg landet dårleg an, og utbygginga vart finansiert ved hjelp av to lån frå Verdensbanken på om lag 350 millioner kroner, og gjennom sal av skuldbrev på alt 240 millionar kroner til fylke og kommunar. Slik sikra fylket og kommunane seg rett til kraft frå anlegget.

Etter at førebuande arbeid, medrekna utbyggjinga av Haukeli kraftverk, var ferdig, kom anleggsarbeidet for alvor i gang i 1957.

Kart over kraftkomplekset Tokke.
Oversikt over plasseringen av de syv første kraftverkene i Tokke-utbyggingen. Kart: Unn Eide, NVE.

Lokalsamfunn i endring

Anlegget skulle bli sjølve inngangsbiletten til det moderne Norge for mange av bygdene i Vest-Telemark.

I bygdene var det jordbruk og skogbruk som sysselsette flest, men med utbygginga var det fleire som kom til å få smaken på anleggslivet. Ragnvald Christenson var ein av dei.

Ragnvald peiker og fortel med heile kroppen. I området med Venemodammen er han godt kjend. Den gamle skulevegen hans ligg i botnen av magasinet, under meter med vatn. Under anleggstida køyrde han lastebil, og budde saman med familien i brakka nede i bygda.

Eit brakkeliv

Den første brakka frå anleggstida ligg nede på Moen, i Haukeligrend. Eit brakkeliv var også eit liv, med ein brakkesjef og kokke som stelte med maten til arbeidarane. Men det kunne vera hardt for dei som hadde familie andre stader. Det var helst i feriane og dei store høgtidene dei fekk reise heim, og det blir fortalt at det var ein av arbeidarane som ikkje fekk fri då sonen skulle konfirmerast.

To menn jobber med sement Arbeider sitter på en trekasse

- Det kunne vera brutalt, seier Ragnvald.

No ligg brakka til nedfalls, som eit tidsvitne om ei tid som ikkje er lenger. Ragnvald var mellom dei heldige som hadde med seg familien sin på brakka.

«Eg fekk filma jentungen når ho begynna å gange her, og det er i buskaset her. Så en bit av livet mitt er her på brakka på Moen. Men det var andre tider.»
Ragnvald Christenson, 2020

Med anlegget kom naudsynt infrastruktur som veg og telefon til å bli bygd ut, og folk kom tilreisande frå andre stader i landet for å ta seg arbeid. Verda hadde for alvor kome til bygdene i Telemark.

Filmavisen sin reportasje frå opninga av Tokke kraftverk, august 1961. Produsent: NRK.

Landsfaderen trykkjer på knappen

I 1961 vart det første aggregatet i Tokke kraftverk sett i drift. Vatnet vart her leidd i ein 17 km lang tunnel frå Vinjevatn til Tokke kraftverk øvst i Bandak. Det var statsminister og landsfaderen Einar Gerhardsen som trykte på startknappen på Tokke kraftverk. Då Gerhardsen gjorde dette gjekk landet i frå å rasjonera straum, til eit overskot.

I norsk krafthistorisk samanheng utgjorde Tokkeanlegget eit vasskilje. Det var den største og mest komplekse utbyggjinga i sitt slag på dåværande tidspunkt, og utbyggjinga representerete ein gullalder for Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). At anlegget var stor ingeniørkunst var det ingen tvil om, og arbeidet gav NVE høg sjølvtillit i møte med andre seinare prosjekter.

For bygdesamfunna i Telemark som husa det veldige kraftkomplekset vart verda snudd opp ned for alltid.

Eldre mann står ved inngangspart til eldre hus.
Ragnvald Christenson på trammen til anleggsbrakka nede på Moen i Haukeligrend. Hausten 2022. Foto: Guro Kvalnes, Kraftmuseet.

- Det var eit før og etter Tokke, seier Ragnvald.  

Podcast: Vasskrafta bygger landet

Korleis var det å vera med på ein av Norges største kraftutbyggingar?
0:00 0:00

Fleire forteljingar i denne episoden

Microsoftteams Image (23)

Norsk vasskraft 1945-1970

VBH.F.2009 005 0013 Copy

Kraftsosialisme - et personlig anliggende

I Ty A2 218

Moderne tider – kraftverk 1945 til 1970

OB.R12065

Den elektrifiserte husmor

Vannkraftutbygging, Haukeli kraftstasjon.

Tokke kraftverk – et portrett

Knut Storøygard

Dei som bygde landet - arbeidsfolka

1.4.1.2 20X30 IMG 0424 (2)

Historisk fisk truet

Thumbnail

Hvor var arkeologene?

NVE Sve N 0515 Kopi

Dei som bygde landet - ingeniørane

Thumbnail

Vikinger i vannkanten

714 5 Utforkjøring

Dei som ofra livet

Tekniskmuseum Industribanen 2020 Larsopstad 017

Kraftlandskapet