Kapitalsterke krefter ser pengar og straum i dei norske fossane tidleg på 1900-talet. Men går det eigentleg an å eiga ein foss? Panikken brer seg mellom dei norske politikarane – dei treng betre kontroll!
Kampen om kontrollen
«[...] en kunde bli rent svimmel når en stod der oppe og stirret ned i den, […] Men han hadde aldri hørt om at en foss kunde selges eller den kunde brukes til noen ting, det måtte da være å drive en kvernkall eller en sag.» Gro Holm - De hvite kull, 1936
Ei forteljing om krefter og kapital
Bonden Samuel i romanen Det hvite kull undrar seg over kva forretningsmannen Våtmyr ser i fossen han eig. Slik Samuel står og ser inn i fossen, står truleg fleire gardbrukarar i heile landet attmed han kring 1900. For no er det plutseleg rift om det rennande vatnet.
På 1900-talet skyt utbygginga av den norske vasskrafta fart. I vatnet ligg det krefter som kan gjerast om til elektrisk straum. Ute i Europa er allereie ei storstilt industrialisering i gang, og utanlandske kapitalsterke investorar ser til Noreg og dei norske fossane. I 1906 er heile ¾ av dei utbygde vassdraga i Noreg på utanlandske hender.
«Du er so galen du Samuel, du har ikkje anelse om kva du har gjort. Du veit ikkje eingong kva som stod i papiret du skreiv under». (De hvite kull, 1936).
Bror til Samuel, Anders, er ikkje nådig når han får nyss om kva handel som har vore ført i pennen. Dette er ei uro han deler med fleire i den norske offentlegheita.
Oppkjøp av vasskrafta skaper debatt
Avisa Verdens Gang følgjer utviklinga med argusauge. I den norske offentlegheita teiknar det seg no eit skremmande bilete.
«Vi står da nå ved en skillevei. Sarpsfossen med sine 50 000 hestekrefter tilhører for lengst et engelsk selskap. [...] Nylig ble Rjukan og to andre fosser i samme vassdrag med sine 390 000 hestekrefter overdratt til det svensk-franske Norsk hydroelektrisk selskap. Og senest har man hørt om salg til den svenske bankmann Wallenberg og Ingeniør Eyde av Skjeggedalsfossen [...]».
Noreg har hatt sjølvstende som nasjon i knapt eit år, og frykt for tap av dette sjølvstende er ein merdverkande faktor til uro i den politiske leiren. Det rår ei forståing om at vassdraga representerer ein viktig nasjonaløkonomisk ressurs. No blir difor spørsmålet korleis dei norske styresmaktene kan skaffa seg betre kontroll over situasjonen før det er for seint.
«Hva akter regjeringen gjøre til forebyggelse av at mer og mer av vannkraften går over på utenlandske hender?» Johan Castberg, 1906
Panikk i maktas korridorar
Castberg sitt spørsmål innleier eit tiår med lovarbeid for å sikra betre statleg regulering av dei norske vassdraga. Debatt kring dei såkalla konsesjonslovene kjem til å prega den norske offentlegheita dei komande åra. Felles for desse lovene er at dei er formulert for å trygga nasjonal råderett over vasskrafta.
Den første lova som fekk betydning for utbygging av vasskrafta var den nye lova om bruk av vassdraga frå 1887.
Dei gamle norske landskapslovene sikra grunneigar sin råderett over vatnet på garden, men tok ikkje høgde for industrialiseringa som skaut fart på slutten av 1800-talet. Vassdragslova frå 1887 gav det offentlege meir kontroll over vassdraga.
Med den prekære nye situasjonen som oppstod utover 1900-talet, ser dei norske politikarane seg tvinga til å stramma grepet om vasskrafta ytterlegare. Diskusjonen dominerer det politiske landskapet i Noreg, og splittar parti ned til grasrota. Men det som skremmer folk mest, er det faktum at endringane skjer så fort, og ser ut til å ha så store konsekvensar.
I 1906 svarer politikarane med innføringa av den midlertidige konsesjonslova kalla Panikklova. Lova slår fast at utanlandske investorar må søka om samtykke (konsesjon) frå den norske staten for å kjøpa fallrettar til norske vassdrag.
At lova for all ettertid blir hugsa som nettopp Panikklova, seier sitt om kor pressande denne lova var for styresmaktene.
Panikklova er meint å gi dei folkevalde ein tenkepause, samstundes som politikarane vil setja ein rask stoppar for det utanlandske oppkjøpet av fossane. Men lova markerer i grunn berre fleire år med vidare debatt kring lovgivinga. Den fører til djup politisk splitting mellom dei som ynskjer fritt armslag for både utanlandsk og norsk kapital, utan innblanding frå staten, og dei som ynskjer nasjonal kontroll over naturrikdommane.
Første konsesjon etter lovreguleringa blir gitt til A/S Tyssefaldene. Selskapet nyttar Tyssovassdraget i Tyssedal, innerst i Hardanger, til kraftkrevjande industri.
KRAFTA SKAL FALLA HEIM
Slaget om den norske vasskrafta er ikkje over med desse første lovreguleringane. Grepet dei norske politikarane har om vatnet, er ikkje stramt nok!
Eit ord som kjem til å setja sitt preg på vasskraftpolitikken utover, er prinsippet om heimfall. At noko «fell heim», betyr i denne samanheng at retten til å regulere vassdrag for produksjon av elektrisk straum fell tilbake til staten den dagen konsesjonsperioden går ut. Dette vil i praksis seie etter ein periode på 60 år.
Det første selskapet som vart underlagt lova om heimfall i Noreg, var A/S Kinservik i 1907, sjølv om lova om heimfall først blei vedteken i 1909.
Konsesjonslova frå 1909 gav ingen fortrinnsrett til norske kapitalselskap, men likestilte utanlandske og norske interesser. Alle måtte la norske nasjonale myndigheiter vera eit mellomledd der det norske storsamfunnet kunne stilla sine vilkår ved kjøp av naturressursar. Berre staten, kommunen eller norske borgarar (ikkje aksjeselskap) kunne kjøpa fossar utan konsesjon.
Konsesjonslova frå 1909 inneheldt klausular om «heimfallsretten». Det vil seie at oppkjøpet, om det var norske eller utanlandske selskap, innebar at kjøparane etter 60 år forplikta seg til å gi tilbake naturressursane, utbyggingane eller dei industrielle anlegga til staten.
Den nye arbeidsdagen
Korleis gjekk det så med bonden Samuel som stod og kikka inn i den brusande fossen? Han som seld fallretten for fossen for 100 kroner? Ikkje visste han at forretningsmannen Våtmyr kom til å selja han vidare for fleire tusen kroner til mektige industriherrar.
Den nye tida er umogleg å stogga, og fossar blir lagt i røyr mange stader utover 1900-talet og endrar det norske landskapet. Snart kjem lyden av hammar og slegger som banka seg inn i fjellet til å erstatta larmen frå vatnet. Den nye arbeidsdagen kan ta til.
Med konsesjonslovene i ryggen kjenner truleg norske politikarar at dei har meir kontroll over ressursane.