Utbygginga av kraftstasjonen på Haukeli var ein av dei første, og var naudsynt for å forsyna dei andre utbyggingane med straum. Det var lett å få tak i nok erfarne anleggsarbeidarar, dei stod praktisk i kø for å få jobb. Anleggskokkene sørga for at arbeidsfolka hadde mat, anleggsbeteninga for reine lokale og reine klede. I byrjinga fekk kokkene løna si av arbeidarane, seinare av entreprenørane eller kraftselskapa.
Ågot Albertha Melen
Ågot var sjefskokke på anlegget i Aura før ho kom til Songa kraftverk i Arabygdi og Tokkeanlegga. Ho var sjef for ein stab på 20 kvinner, og hadde ansvaret for 225 mann som budde på brakkene og åt på kantina.
«Det har vore kjekt å stelle på kjøkenet her, for arbeidarane har stort sett vore nøgde med maten, sjølvsagt er det so her og: Til lags åt alle kan ingen gjera.»
Kviteseid, Storfjord i Troms
1926-2004
Sjefskokke
Aura, Åmodt og Songa
Tone Granli
Tone var hjelpekokke og brakkebetening på Tokkeanlegga i fem år. Det var anleggsdrift om sommaren, og om vinteren var det storvask på alle brakkene. På Dalen blei Tone kjend med NVE sin fotograf Jostein Granli. Dei gifte seg og fekk tre born.
«Det var eit triveleg miljø og arbeid, men vi måtte stå tidleg opp. For å ha maten klar på bordet til det første skiftet som kom klokka seks, måtte vi starte i halv fire tida.»
Arabygdi, Rauland i Telemark
1940 -
Brakkebetening
Songa og Dalen
Olav T. Kvålen
Olav budde på Haukeli, og gjekk bort til anleggsplassen og spurte etter arbeid då utbygginga av Tokkeanlegget på Haukeli starta. Han kunne få byrje dagen etter. Kvålen arbeidde rundskift 48 timar i veka frå starten i 1955 til han gjekk over til å arbeide i vegvesenet i 1964.
«Det var tungt arbeid i tunellen, og det var om å gjera å driva tunellen fort fram om ein ville tena pengar. Vi hadde akkord, og hadde for meteren i framdrift.»
Vinje i Telemark
1914-1997
Anleggsarbeidar i tunell
Haukeli
Knut Storøygard
Knut var sjømann som kom til anlegget på Dalen fordi mor hans meinte han burde få seg arbeid på land. Då han også hadde møtt ho som skulle bli kona hans, forlot han livet som sjømann. Storøygard køyrde buss og lastebil og var aktiv i Norsk Arbeidsmannsforening. Han arbeidde på Tokkeanlegget frå 1956-1968.
«Det kunne bli mange timer. Jeg husker en gang som vi var oppå en borebukk i Ravnjuvtunnelen, og da jobba vi 40 timer overtid på ei uke. Så jeg var nesten ikke i seng.»
Telemark
1934 -
Maskinarbeidar, dreiar ved hovudverkstaden
Dalen