Dei som bygde landet
- ingeniørane

1950- og 60-talet var sjølve gullalderen for ingeniørane. Dei tekniske bragdene dei var med på, fekk spalteplass i dagspressa så vel som kvinnebladene.

Fire menn sitter rundt et bord med papirer og kart.
Ingeniører i NVE. Foto: Henrik Svedahl, NVE.
EP04 Vasskrafta bygger landet

Frå NTH og Trondheim strøymde dei ut til alle delar av Norge. Unge ingeniørar som skulle spele ei avgjerande rolle i gjenreisinga av landet. Den statlege utbyggar, Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen, hadde vide fullmakter frå politikarene, og heile 230 kraftverk så dagens lys i perioden 1945-70. Straum var avgjerande for industrien - ein berebjelke for økonomisk vekst og velstand.

Dei tekniske utfordringane var mange, men viljen og engasjementet stort hos ingeniørane og anleggsarbeidarane. For kvar utbygging auka kompetansen. Mange flytta frå anlegg til anlegg, frå nord til sør og frå vest til øst. Nokon ble etter kvart bufaste, mens andre heldt fram med vandringa i vasskraftas teneste. Thorleif Hoff og Herman Christian Døhlen representerer den «gylne generasjonen».

Anleggsingeniør med hjelm står foran trallebane
Thorleif Hoff, 1950-tallet. Foto: NVE.

Thorleif Hoff

Thorleif kom til Vinje sommaren 1956 frå Glomfjord i Nordland. Erfaring som anleggsleiar frå krevjande utbygging nordpå samt godt lag med lokalbefolkninga kom godt med då Tokke-utbygginga tok til. Oppgåvane var månge og omfattande. Frå ansvar for tunnelinnslaga i Rogdeli, Leirli og Tveito til kraftstasjonen i Vinje.

«Vi starta på bar bakke, og måtte ta ein runde for å helse på folk og grunneigarar. Eg hugsar at vi kunne banke på hos folk, og så var det ingen inne for dei var ute på jordet for å arbeide, men husa stod ulåst.[…] Vi kom ikkje dit som framande.»»
Thorleif Hoff
Fødestad

Ål i Hallingdal

Levde frå - til

1926-

Ung mann i smoking
Herman Christian Døhlen på åpninga av kraftstasjonen Tokke I, 1961. Foto: Jostein Granli, Statkraft, Vest-Telemark museum.

Herman Christian Døhlen

Herman hadde arbeidd på Røssåga-anlegget i Nordland i to år før han søkte seg vidare til Tokke-anlegget. Då han kom til Telemark hausten 1958 fekk Herman ansvaret for arbeidet i Bordalen kor dei skulle reise tre dammar. Eit arbeid som var både krevjande og lærerikt for den unge ingeniøren.

«Vatnet heldt på å renne over fangdammen. Vi jobba dag og natt med å fylle opp, og rakk det. Eg var redd fangdammen skulle fyke. I såfall ville vatnet truleg skylla vekk delar av vegen over Haukeli ved Raftaltmoen. Der lærte eg ei lekse om at ein aldri skal ta noko for gitt.»
Herman Christian Døhlen
Fødestad

Ukjent

Levde frå - til

1931-


Kjelder

  1. Ragnar Lurås (2006). Ljos og kraft til alle heimar. Historia om Tokkeanlegget. Eit 50 års minne. TelemarksMagasinet
  2. Ragnar Lurås (2006). Ljos og kraft til alle heimar. Historia om Tokkeanlegget. Eit 50-årsminne. TelemarksMagasinet