Norsk vasskraft 1945-1970

Landet går inn i ein periode prega av store statlege utbyggjingar av vasskraft, og elektrifiseringa skal letta kvardagen for norske husmødre

EP04: Vasskrafta bygger landet
Det spontane barnetoget i Kirkegaten i Egersund, 7. mai 1945. Foto: Ukjent, Dalane Folkemuseum.

1945

Fred og ljosfest! Blendingsgardinene forsvinn, og gateljosa, som under krigen var av, blir slått på att i norske byar. 

Rørgate og kraftstasjon i landskap
Valplakat frå 1945. Kunstner: Willi Midelfart. Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.

1945

Etter krigen skulle Norge byggjast opp att. Mange manglar straum, og det blir sett i gong rasjoneringstiltak. Ei storstilt industrialisering startar, med kraftutbygging som føresetnad.  

Fire menn i arbeidsklær spiser matpakke. De sitter på høyballer. I bakgrunnen er det en industritomt, bebyggelse, vann og fjell.
Pause for dei som var halvvegs i å reise jernverket, ca. 1950. Foto: Ukjend, Mo Industripark AS.

1946

Norsk Jernverk blei grunnlagd som eit statleg aksjeselskap etter eit einstemmig vedtak i Stortinget. Jernverket blei lagt til Mo i Rana grunna jernmalm- og vasskraftressursane. Produksjonen starta i 1955.

Kvinne kviler på sofa
Elektriske apparat gjer livet til den norske husmora lettare. Foto: Alta Museum .

1950

Husmoryrket er det vanlegaste yrket for norske kvinner. Utover 1950-talet får husmora avlasting av stadig fleire elektriske apparat.

Mann ved skrivebord
Einar Gerhardsen (1897-1987) ved skrivebordet. Foto: Nasjonalbiblioteket.

1950

«Ikke spør om hva vi skal bruke kraften til, vi må bare bygge den ut, og så vil industrien følge etter»  uttala Gerhardsen. Han var  statsminister for Arbeidarpartiet i 17 år gjennom den lengste og sterkaste vekstperioden i landet.

Vannturbin i en fjellhall, en mann.
Aura kraftverk. Foto: Statens filmsentral, NVEs fotoarkiv.

1953

Aura kraftverk på Sunndalsøra er den første kraftstasjonen til Statkraft som blir bygd inne i fjell. 

Høyfjellssol, emballasjen, beskyttelsesbriller
Høgfjellssol anno 1956. Foto: Norsk Teknisk Museum.

1955

Endeleg kan nordmenn få litt sol på kroppen i vintersesongen! Vi riggar oss til med mørke briller framfor høgfjellssola, men blir ofte meir brente enn solbrune.  

Familie ser på fjernsyn i stova
Familie ser på fjernsyn. Foto: Leif Ørnelund, Oslo Museum.

1960

NRK byrjar med ordinære fjernsynssendingar 20. august og snart blir fjernsynsapparatet ein vanleg del av inventaret i norske heimar. 

Maskinhallen i Tokke I
Maskinhall og aggregat i vasskraftverket Tokke I. Foto: Odd Sundelius, Statens filmsentral.

1961

Tokke-utbygginga i Telemark er av dei største i etterkrigstida. Då statsminister Gerhardsen trykker på startknappen går Norge frå rasjonering til overskot av straum.  

Interiør i maskinhall, kraftstasjon
Aggregata i Skogfoss kraftstasjon er malte i grensefargane til Norge og Russland. Foto: Dag Endre Opedal, Kraftmuseet .

1964

Skogfoss kraftverk blei bygd under «den kalde krigen». Elvekraftverket i Pasvikelva  ligg både på norsk og russisk grunn, der grensa går midt på dammen til kraftanlegget.

Kraftutbygging sett sine spor. Foto: NVE.

1965

Ord som naturvern, økologi og miljøpolitikk dukkar opp i det offentlege ordskiftet. 

Skråfoto av gårder i Masi
Samebygda Masi, 1967. Foto: NVE.

1968

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) legg fram planar om utbyggjinga av Alta-Kautokeinovassdraget.

To menn i forgrunnen, en i dykkerdress og en i kjeledress. Tralle med tau og hjelmer med mer. Grå og gul bil. Oljeraffineri i bakgrunnen.
Tilsette frå dykkarselskapet 3X på eit av sine første oppdrag. I bakgrunn Shell Raffineriet på Tananger, 1968. Foto: Leif-Tore Skjerven, Norsk Oljemuseum.

1969

Det blir funne olje på norsk sokkel. 

En gruppe sittende unge menn og kvinner i turklær med demonstrasjonsplakater. I bakgrunnen fjellandskap.
På demonstrantane sine plakatar står det «Stans anleggsarbeidet til rettssaken er over!». Foto: Erik Thorberg, NTB Scanpix.

1970

Naturvernarar i Møre og Romsdal mot utbygging av Eikesdal/Grytten kraftverk. Trass i aksjonen blir kraftverket bygd og Mardølafossen tørrlagd. Den store merksemda rundt aksjonen auka medvitet om naturvern i vasskraftsaker. Og det er første gang sivil ulydnad blir tatt i bruk i ei naturvernsak.  

Plakat
Plakat bruka i kvinnekampen. Foto: Sverresborg Trøndelag Folkemuseum.

1970

Kvinner kjemper for likestilling både i heimen og på arbeidsplassen. Full barnehagedekning og rett til sjølvbestemt abort er politiske fanesaker.