Den elektrifiserte husmor

I 1960 var kjøkkenet Norges største arbeidsplass, men elektrifiseringa av landet kom snart til å lette børa for den hardtarbeidande husmora.

Kvinne i kjole og forkle foran komfyr. Liten jente i kjole står foran åpent kjøleskap. 1960-talls interiør i kjøkken.
1960-talls kjøkken. Foto: Atelier Rude, Oslo Museum.
EP04 Vasskrafta bygger landet

Dei første influensarane

«Slite mindre – smile mere! Kok elektrisk!» Dette er slagordet for kampanjen når elektrisitetsverka og Norsk Husmorforbund slår seg saman og opprettar ein eigen elektrifiseringskomité i 1919. Profesjonelle husarbeidarar blir engasjerte for å nå ut til husmødrene, som no er den viktigaste forbrukargruppa. Elektroingeniørar og teknikarar får spalteplass i kvinneblada, og utstillingar blir støtta med økonomi og materiell av elektrisitetsverket.

På oppdrag frå produsentar av elektriske produkt, reiser husstellærerinner som Gerd Wiborg Thune, Ingerid Askevoll og Helga Ruud rundt i heile landet for å presentere og demonstrere nye elektriske apparat for husmødrene. Dei skriv bøker, lagar reklamefilmar og annonsar. Ein kan sjå parallellar til det influensarar gjer på sosiale medium i dag.

Men kva er det som gjer at det utviklar seg slik?

Boka Vi som koker elektrisk av Gerd Wiborg Thune, Oslo 1942

Ljos i heimen

Det heile startar når ein oppdagar elektromagnetismen på 1870-talet. No blir det lukrativt å bygga ut vasskraft til produksjon av elektrisk energi. Denne skal forsyna den energiintensive storindustrien med billeg straum. Industrien dominerer energikonsumet, men det oppstår eit overskot på straum nær vasskrafta. Dette overskotet går til ljos i gater, heimar og hus.

Elektrifiseringskomitéen set opp ein landsplan for elektrifisering av Norge. I 1920 har to tredelar av husstandane i Norge straum. Men det går enno nokre tiår før straumen er likt fordelt over landet. ikkje før på 1930-talet kan ein snakke om eit landsomfattande straumnett, der enkelte bygder må vente heilt til sist på 1950-talet før dei får straum i heimane.

«Vi fekk strøm i 1948. Då kan du tru det var ei heil omveltning. Plutselig var det berre å skru på ein brytar, og det blei lys!»
Kvinne i Lofoten

Elektrisiteten får sitt store gjennombrot

Før 2. verdskrig blir det produsert meir straum enn kva som blir bruka, og folk som har straum i huset blir oppfordra til å bruka mest mogleg. Husmødrene blir den største målgruppa, og elektrisitetsverka reklamerer for at dei må bruka elektrisitet både til koking og oppvarming. Tekniske nyvinningar som elektrisk komfyr, varmeomn og vaskemaskin blir produkt ei husmor ikkje kan unnvera.

Dei som ikkje har råd til innkjøp av desse, får moglegheit til å leige elektriske kokeplater, eller ta i bruk låne- og avbetalingsordningar.

Infoskriv Annonse for elektriske vaskemaskiner i 1929.

Ideologien i elektrifiseringsarbeidet er at arbeidsoppgåvene til husmødrene skal bli forenkla med elektriske apparat. Ikkje luksus, men livsnødvendig for ei husmor med gjennomsnittleg 13 arbeidstimar i døgnet – ikkje medrekna barneoppdraging.

Klesvask har til no vore eit fysisk særs anstrengande arbeid, tungt for armar og rygg. Vatn skulle hentast, varmast opp, klede vris, skyllast og hengast opp til tørk. Det var så omstendeleg å vaska klede, at det var noko ein gjorde kanskje berre fire gonger i året.

Klesvask i ein kjellar i Oslo i 1948. Foto: Leif Ørnelund, Oslo Museum.

Nye tider

Mange ser no moglegheiter til å skapa ein marknad for produkta sine. Den norske vaskemiddelgiganten Lilleborg satsar på ei storstilt marknadsføring der dei reiser rundt til by og bygd med sine lett gjenkjennelege «Lilleborg-bilar» og «Blenda-damer».

Dei inviterer til Husmorkveld med servering og demonstrasjon, der dei høyrer på husmødrene, noterer synspunkt, tankar og kommentarar som så blir bruka i den vidare produktutviklinga. Slik når Lilleborg ut til mesteparten av husmødrene i landet og klarer å skape eit kjenslebasert, tillitsforhold til den viktigaste målgruppa.

Sjølv om eldre husmødre ikkje heilt vil gje slepp på vedkomfyren, er det ingen som er skeptiske til elektrisiteten, tenker at den kanskje kan vera noko unaturleg eller helsemessig skadeleg. Elektrisitet i heimen blir teke i mot med begeistring.

Reklame for Blenda-damene
Reklame for Blenda-damene. Foto: Museene i Akershus.
Annonse i Bergens Arbeiderblad 12. januar 1951 om rasjonering av strøm.
Annonse 12. januar 1951. Faksimile frå Bergens Arbeiderblad.

Etterkrigstida og rasjonering

Etter 2. verdskrig blir det produsert mindre straum, heimane blir nedprioriterte og industrien får førsteretten. I 1947 reknar elektrifiseringsnemnda ut kva mengder kraft som må byggast ut for å tilfredsstilla behovet for straum ein kjem til å ha i 1970. Men allereie i 1954 ligg behovet heile 70 prosent over desse berekningane. Kraftforbruket per innbyggjar er på denne tida det høgaste i verda.

Sjølv om Norge no set verdsrekord i kraftutbygging, er elektrisk oppvarming med panelomnar så populært og behovet for straum så stort, at det ikkje er praktisk mogleg å tilfredsstilla. Etterspurnaden skaper kraftmangel over heile landet. På 1950-talet er straumkrisa eit faktum.

I enkelte aviser kan ein lese overskrifter som «Unødvendig elektrisitetsforbruk må betegnes som landsskadelig».

Faksimile frå ein artikkel i tidskriftet NÅ nr. 24/25 1952
Artikkel i tidsskriftet NÅ nr. 24/25 1952. Faksimile frå Tidsskriftet NÅ, Per Hartun.

Meir utbygging

Ein ser inga anna løysing på krisa enn meir utbygging. Det har lenge vore planar om ei utbygging av Tokkevassdraget i Telemark, men dei enorme kraftmengdene har ikkje hatt avtakarar før no.

«Vi trenger Tokke nå!» er overskrifta i tidsskriftet Aktuell i 1952 der dei meiner at: -Kraftkrisen på Østlandet blir permanent hvis ikke utbyggingen forseres.

Den 23. april 1956 gjer Stortinget eit endeleg vedtak om utbygging av Tokkevassdraget. Tokkeverka kjem til å auke norsk straumproduksjon med 10 prosent, og blir det til då største vasskraftverket i landet. Husmora si rolle i straumkrisa var nok større enn det elektrifiseringsnemnda hadde sett for seg. For henne var det aldri snakk om å kutta ut dei elektriske hjelpemidla, heller tvert imot.

«En utbygging av Tokke er det eneste botemiddelet jeg kan se mot kraftkrisen på Østlandet i dag.»
Utbyggingssjef Christian Vaumund, 1952 - tidsskriftet Aktuell