Hva er det med vindkraften?

Mennesker har gjennom tusener av år nyttiggjort seg av vinden. Men bruk av vindenergi har ikke vært uten problemer. Historien om vindkraften er en historie om teknologiutvikling, demokrati på prøve, naturkrise og grønt skifte.

DÅ VINDEN SNUDDE

November 2019: Små, kvite trekors og ei likkiste står plassert i ei skråning ved fylkesveg 716 på Frøya.

Eit symbol på alt motstandarane mot vindkraft meiner går tapt når vindkraftverket på øya reiser seg. På andre sida av vegen står ein politibil, i framsetet to betjentar frå lensmannskontoret i Orkdal. Dei har nettopp gjeve beskjed om at opphaldsforbodet, som òg dekker aksjonistane sin leir på motsett side av vegen frå den pågåande vindkraftutbygginga i Nessadalen, vil bli overhalde.

Går ein inn, vil politiet reagera.

Tomme truslar, hadde kanskje andre tenkt. Men på Frøya veit dei at det er sant, og no gjeld det å få ut gassblusset, gryta og pølsepakkane før storinnrykket kjem – helst utan å bli køyrt til arresten.

Kors, flagg, skilt og dukke.
Vindmøllemotstandarane si camp ved innkjøringa til Frøya vindmøllepark, mai 2020. Foto: Andrea Gjestvang, VG/NTB.

Motvind i vekst

For det er ikkje ein vanleg dag på Frøya, om ein i det heile tatt har kunna snakka om noko slikt det siste året. Akkurat denne dagen held den nystarta organisasjonen Motvind sitt første landsmøte på Sistranda, med tilreisande frå heile landet. Den lokale motstandsgruppa står som vertskap, har arrangert seminar og lagt opp til omvising ute i felten.

Over heile landet har vindkraftmotstandarane høyrt skrekkhistorier frå Frøya. No skal dei få sjå med eigne auge kva som har gått føre seg ytst i havgapet i Trøndelag.

Blant dei lokale som har reist ut i forvegen, er den lokale aksjonsleiaren. Han har sjølv erfart kva som kan skje om ein ikkje følgjer instruksane frå politiet, og kvelden i arresten i Trondheim er ikkje noko han ønskjer å gjenta. Likevel nøler han med å dansa etter politiet si pipe, og går rett i forhandling med dei utsende frå ordensmakta.

Om kva som er meininga med å sperra av leirplassen til aksjonsgruppa, på andre sida av vegen frå utbyggingsområdet, på ein laurdag, når arbeidet uansett står stille? Kva er problemet med å eta pølser der, ei kort samling før gjestene skal tilbake til Sistranda? Men han kjem ingen veg. Meldinga frå politiet er klar:

«Går du inn på det avsperra området, får du eit oppgjer med ordensmakta.» Politiet

Det lengste dei kan strekka seg, er at aksjonsleiaren og resten av fortroppen får henta ut igjen maten og drikka, så dei kan samla seg i grøfta litt lenger nede i vegen – der allemannsretten framleis gjeld.

Myr i forgrunnen av et skogbelte. Lengst bak i bildet er er det en skogkledt årsrygg.
Illustrasjonsfoto frå Våler kommune ved oppstart av bygging av Kjølberget vindkraftverk. Foto: Bård Løken, Anno Norsk skogmuseum.

KONFRONTASJON

Folk som er samla på Frøya denne helga kjem frå Finnskogen og Jæren, frå Bremanger og Vesterålen.

Dei har ulik bakgrunn og politisk ståstad, og vil truleg vera fullstendig på kollisjonskurs i mange saker. Men på eitt punkt står dei samla: dei meiner at vindkraftutbygginga i landet må stoppast, og dei meiner at det må skje no.

Men først skal dei sjølv ut og kjenna på kor harde frontane kan bli. Etter kvart som nye bilar parkerer i grøfta, og grupper av tilreisande kjem til, vel forsamlinga likevel å ignorera truslane frå politiet. I samla flokk går dei inn på sin eigen leirplass, berre nokre meter frå der politiet framleis held stand.

Politi, demonstranter, plakater og en gravemaskin.
Samtale mellom politi og demonstranter, Frøya april 2019. Foto: Morten Andersen, NRK.

Først etter at ein av dei frammøtte vindkraftmotstandarane, som har kledd seg i svart prestekjole og kvit krage, har gått bort til politiet og utveksla nokre ord, kjem reaksjonen. Dei utsende frå politiet rettar seg opp og går over vegen og inn på det avsperra leirområdet, som no er fylt av vindkraftmotstandarar.

Ein av dei to politibetjentane hevar stemma, og skal truleg til å informera om opphaldsforbodet, men det er ingen som høyrer kva han seier. For brått bryt forsamlinga ut i allsong. Kvart einaste ord frå politimannen sin munn druknar i ein inderleg versjon av Ja, vi elsker.

Svaret frå dei to politimennene er å gå bort til kvar enkelt som er samla inne på området. Dei fortel om opphaldsforbodet og skriv ut bøter, og etter ei stund løyser forsamlinga seg opp – akkurat i tide til det planlagde landsmøtet og festmiddagen i Sistranda.

SYNLEGE INNGREP

Som dei aller fleste utbyggingar av vindkraftverk i Noreg var det lokal støtte for prosjektet som låg til grunn for utbygginga på Frøya.

Eit lite fleirtal av innbyggjarane røysta for utbygginga, og i kommunestyret gjorde dei fleire positive vedtak.

Heile tida var det motstandarar som kjempa for å stoppa planane, og lenge såg det uansett ikkje ut til å bli noko av planane, sjølv om politikarane sa ja. Ikkje før eit tysk kraftselskap kom inn i biletet ved årsskiftet 2018/2019, med pengar til å investera, og det brått blei aktuelt å bygga ut.

Då tok til gjengjeld motstanden fyr – og før sjølve utbygginga starta snudde òg det politiske fleirtalet i øykommunen.

Norgeskart med punkter som viser utbygde vindkraftverk.
Dei fleste anlegga vart satt i drift 2021-2022. Ei årsak til det var at subsidieordninga «elsertifikat» krevde drift i løpet av 2021. Illustrasjon: Unn Eide, Kraftlandet.

I løpet av våren 2019 vaks kampen i Trøndelag fram som den første store vindkraftkonflikten som fekk nasjonal merksemd over tid. For mange som følgde saka på avstand, gjennom stadig nye medieoppslag og aukande aktivitet i sosiale media, framstod Frøya-utbygginga som ein slags vekkar.

Ein ting var at konflikten i Trøndelag fekk brei mediedekning, og viste kor vond ei slik sak kan bli når naboar står mot kvarandre, og deler av folket kjenner seg overkøyrde.

Men med pressefotografane kom òg bileta frå anleggsområdet, der maskinar grov seg fram i naturen for å setja opp det nye kraftverket. Det var ikkje lenger skisser og plansjar, men heilt ekte inngrep som viste godt igjen både på TV og i dei mange avisreportasjane.

Ein perfekt storm

Anten ein kjempa for den urørte naturen eller reindrifta sine vilkår, fuglevelferd og folkehelse eller verdien på sine eigne eigedommar, var det gjennom 2019 ein aukande del av folket som stilte seg spørsmålet:

«Er det eigentleg verd det?» Folk mot vindkraftutbygging

Samtidig jobba Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) med det som skulle bli ei nasjonal ramme for vindkraft på land, på bestilling frå Olje- og energidepartementet (OED). Arbeidet, som omfatta både kart og fagrapportar, blei lagt fram 1. april 2019 – akkurat då temperaturen var på det aller høgaste i Trøndelag.

Gjennom sommaren og hausten kom det inn nesten 5 000 høyringssvar. Dei aller fleste var sterkt kritiske til meir vindkraft. Den samla motstanden var så stor at saka aldri nådde fram til Stortinget.

17. oktober 2019 kunne NRK melda at regjeringa hadde stoppa arbeidet med nasjonal ramme. Statsminister Erna Solberg forklarte avgjerda med at regjeringa hadde lytta til folket. Samtidig varsla dei at det ville komma innstrammingar i konsesjonsreglane for vindkraft.

Kva blir resultatet?

Sjølv om det var delte meiningar om kva det faktisk ville bety for den framtidige vindkraftutbygginga i landet, då arbeidet med nasjonal ramme blei stoppa, er det ein ting som er heilt sikkert: Det var eit direkte resultat av den aukande motstanden blant folk. Men kva er det eigentleg som får så mange til å protestera mot akkurat denne politikken og kraftutbygginga?

Ser me no ei fortsetjing av den motstanden me tidlegare har sett ved store vasskraftutbyggingar, eller er det noko heilt anna som no får folk til å reagera?

Podcast: Hva er det med vindkraften?

Ellinor bruker strøm til det meste. Har kraftsituasjonen egentlig noe med henne å gjøre?
0:00 0:00

Fleire forteljingar i denne episoden

600 F.KR. Ancient Windmills Of Nashtifan 2021 07 17

Vindkraft gjennom tidene

Skjermbilde 2023 03 27 Kl. 12.30.25 (2)

Fra vind til strøm

NVE-logo M29 høstfarger (1)

Konsesjonsbehandling - en øvelse i balansekunst

Naboer Til Utbygging

Aktørene

Midtfjellet Vindpark, Stord

Det blåser i vannlandet Norge

Vindkraftutbygging på Finnskogen. Bygging av Kjølberget vindkraftverk, Våler kommune, Hedmark. Anleg... (4)

En gammel skog forsvinner

Anders Totland Pressefoto Da Vinden Snudde 4241 50599985173 O

Møtet med vindkrafta

Fra Kart Over Fredrikstad 1530

En kort historie om vindkraft

2023 01 06T1257 NB Generated

Hvor kommer vinden fra?

Vlcsnap 2023 03 28 10H58m01s945

Fra vindmølle til vindturbin

Naturen Selv

Nordland - vindkraften som forsvant

Vindturbiner på åsryggen Kjølberget i Våler, Innlandet. Tåke over skoglandskap på Finnskogen en tidl... (3)

Et vindkraftverk reiser seg


Utforsk Kraftlandet