Dei som ofra livet

Å arbeide på vasskraftanlegg var eit risikabelt liv. Krava til tryggleik på arbeidsplassen hadde ikkje den standarden vi kjenner i dag.

Lio kraftverk utløpsområde.
Lio kraftverk. Foto: Knut Ove Hillestad, NVE.
EP04 Vasskrafta bygger landet

Arbeidarane var vane med å klara seg sjølve, og var ikkje alltid mottakelege for forskrifter og reglar dei meina ville hindra dei meir enn hjelpa dei i det daglege arbeidet. Leiarar kjende heller ikkje alltid på ansvaret. Mange meinte at det var eit tidkrevjande og ikkje naudsynt arbeid som ein ikkje kunne setja av tid til meir enn ein gong per veke. Nokon sa:

«Jeg har tusen ting å tenke på, jeg har ikke tid til å være barnepike for folkene. De får jammen tenke på sin egen sikkerhet».

Men arbeidet med å meisla ut og sprenga seg inn i fjell, handtera sprengstoff og tunge maskiner var særs farleg, og ei ulukke kunne slå til med dødeleg kraft når ein minst venta det.

Då utbygginga av Tokkeanlegga starta i 1956, var det Arbeidarvernlova som var den gjeldande forskrifta for tryggleik på arbeidsstaden. I denne heitte det mellom anna at:

«Arbeidsgjevaren skal sørga for at bedrifta er slik innretta at arbeidarane er verna mot skade på liv og helse så godt og hensiktsmessig som det let seg gjera etter tilhøva. Personleg verneutstyr skal om naudsynt stillast til rådigheit der det med rimelegheit kan krevjast.»

Menn i tunell på Tokkeanlegga. Foto: Dagbladet, Norsk Folkemuseum

Frå 1950 til 1963 mista 42 arbeidarar livet i ulukker på Statskraftanlegga. Heile 23 av desse på Tokkeanlegga. Årsak var ofte eksplosjonar og sprengingsulukker, men også ras og klemulukker etter velt av store køyretøy.

Ein av dei forulukka var Arnfinn Henriksen (33) frå Kvinesdal, som døydde då store steinmassar losna og trefte han og tre arbeidskameratar i Tokketunellen på Dalen i august 1956. Arbeidskameratane blei delvis begravde under steinmassane, men overlevde med beinbrot.

Det var under arbeid med stempling av fjellet eit par hundre meter inn i ein prøvestoll at ulukka hende. Ein kjende til at fjellet her var dårleg og vanskeleg å arbeida med. Etter ulukka blei det sett ned arbeidsforbod til bergmeisteren hadde sett på tilhøva.

Under gravferda til Henriksen sa sokneprest Moen:

«Det er blitt mange dødsulykker i bygda vår i det siste. Hele sju begravelser på seks uker. Vi må regne med Guds hånd i alt som skjer. Men så reiser spørsmålet seg: Kunne Han avverget denne ulykken, og de mange ulykker?»
Sokneprest Moen, 1956

Presten meinte nok at det var Gud som skulle ha hindra ulukkene. Men spørsmål om meir sikra arbeidstilhøve blei reiste.

Kraftverksdirektør og leiar av NVE-Statskraftverkene, Sigurd Aalefjær, skreiv i ein artikkel i bedriftsavisa Fossekallen i 1964, at ulukkesstatistikken må ned. Det hadde vore for mange dødsfall på Statskraftanlegga, og han ønskte å skapa auka interesse for vernearbeidet. Alle ulukker har ein årsak, mange av desse må ein kunne førebyggja, der alle moglege middel må tas i bruk for å oppnå dette, meinte han.

Diakon for NVE, Arne Krogsrud, skreiv i same utgåve av Fossekallen at om ein kan få alle til å sjå nødvendigheita av vernearbeid, er ein på rett veg til å få skader og ulukker ned mot null. Dette kan vera oppnåeleg om alle på arbeidsplassen går inn for å følgja vernetiltaka. Målet må vera å få trygge og sikre arbeidsplassar, difor er samarbeid mellom alle på anlegga av største betydning.

Ein av dei tre som overlevde ulukka i Tokketunellen, Bjarne Strøm (45), omkom fem år seinare då ein shovel mista bremsene og køyrde over han på anleggsplassen til Tokke II i 1961.

Først i 1977 kom den nye arbeidsmiljølova, som blei revidert årleg fram til 1995, då ho fekk ei fullstendig overhaling. Arbeidsmiljølova vi bruker i dag byggjer på denne, og er frå 2006.