Sidehistorier

Hvor var arkeologene?

Dei som bygde landet - arbeidsfolka

Landet går inn i ein periode prega av store statlege utbyggjingar av vasskraft, og elektrifiseringa skal letta kvardagen for norske husmødre
Fred og ljosfest! Blendingsgardinene forsvinn, og gateljosa, som under krigen var av, blir slått på att i norske byar.
Etter krigen skulle Norge byggjast opp att. Mange manglar straum, og det blir sett i gong rasjoneringstiltak. Ei storstilt industrialisering startar, med kraftutbygging som føresetnad.
Norsk Jernverk blei grunnlagd som eit statleg aksjeselskap etter eit einstemmig vedtak i Stortinget. Jernverket blei lagt til Mo i Rana grunna jernmalm- og vasskraftressursane. Produksjonen starta i 1955.
Husmoryrket er det vanlegaste yrket for norske kvinner. Utover 1950-talet får husmora avlasting av stadig fleire elektriske apparat.
«Ikke spør om hva vi skal bruke kraften til, vi må bare bygge den ut, og så vil industrien følge etter» uttala Gerhardsen. Han var statsminister for Arbeidarpartiet i 17 år gjennom den lengste og sterkaste vekstperioden i landet.
Aura kraftverk på Sunndalsøra er den første kraftstasjonen til Statkraft som blir bygd inne i fjell.
Endeleg kan nordmenn få litt sol på kroppen i vintersesongen! Vi riggar oss til med mørke briller framfor høgfjellssola, men blir ofte meir brente enn solbrune.
NRK byrjar med ordinære fjernsynssendingar 20. august og snart blir fjernsynsapparatet ein vanleg del av inventaret i norske heimar.
Tokke-utbygginga i Telemark er av dei største i etterkrigstida. Då statsminister Gerhardsen trykker på startknappen går Norge frå rasjonering til overskot av straum.
Skogfoss kraftverk blei bygd under «den kalde krigen». Elvekraftverket i Pasvikelva ligg både på norsk og russisk grunn, der grensa går midt på dammen til kraftanlegget.
Ord som naturvern, økologi og miljøpolitikk dukkar opp i det offentlege ordskiftet.
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) legg fram planar om utbyggjinga av Alta-Kautokeinovassdraget.
Det blir funne olje på norsk sokkel.
Naturvernarar i Møre og Romsdal mot utbygging av Eikesdal/Grytten kraftverk. Trass i aksjonen blir kraftverket bygd og Mardølafossen tørrlagd. Den store merksemda rundt aksjonen auka medvitet om naturvern i vasskraftsaker. Og det er første gang sivil ulydnad blir tatt i bruk i ei naturvernsak.