Ei framtid for arvesølvet?

Frå panikklov til grønt skifte.

Kinso kraftverk og Tveitafossen.
Kinso kraftverk og Tveitafossen. Foto: Dag Endre Opedal, Kraftmuseet.
EP02: Kontroll

Professor i historie ved Universitetet i Bergen, Svein Ivar Angell, trekk opp linjene mellom vatnet og det norske samfunnet. Han har skrive mykje om nasjonal identitet og vasskraftspolitikk.

For vasskrafta blir her til lands gjerne omtala som arvesølvet, det gjevaste ein eig. Då er det kanskje ikkje så rart at diskusjonen om korleis denne naturressursen skal forvaltast, får spalteplass?

«Arvesølv er noko ein har på kistebotn. Det er ein oppspart kapital som går i arv, noko som ein ikkje må sløsa vekk, for då kjem det til å gå deg dårleg. »
Svein Ivar Angell, 2020

Vasskrafta som distriktspolitisk verkemiddel

Vasskrafta er uløyseleg knytt til oppbyggjinga av det moderne norske samfunnet, og alt tidleg på starten av 1900-talet sytte norske politikarar for råderett over eigarskapet til og utnyttinga av dei veldige kreftene i vatnet.

På tidleg 1900 tal skaut utbyggjinga av den norske vasskrafta for alvor fart. Utbyggjinga skulle gjere den nye arbeidsdagen i landet mogeleg, der produksjon–en av elektrisk straum la grunnlag for ei industrireising. Ei rekkje med kapitalsterke fossespekulantar kjøpte opp fallrettar, og mange norske vassdrag var snart i hendene på utanlandske krefter. For å få betre kontroll med utviklinga innførte Stortinget konsesjonslovene.

At Noreg hadde sett veldig annleis ut utan konsesjonslovene, er Angell overtydd om, og peiker særleg på korleis dei norske kommunane, som var unndregne det som kallast heimfall, kom heldig ut.

- Kommunal kraftutbygging fekk eit gunstig utgangspunkt og vart favorisert. Dette danna grunnlaget for at nokre norske kommunar kunne bli såkalla kraftkommunar. Heile vasskraftforvaltninga har vore eit distriktspolitisk verkemiddel, seier Angell.

Mann på tur i fjellet.
Svein Ivar Angell, Jotunheimen. Foto: Privat.

Vasskrafta møter marknadskreftene

Sidan tidleg på 1990-talet har norsk vasskraft vore del av ein større europeisk energimarknad der krafta kan eksporterast og importerast over landegrensene, og i dagens ordskifte går det heitt for seg i diskusjonar om utanlandskablar som kan føra fornybar straum frå norsk vasskraft til kontinentet.

Kritiske røyster ropar gjerne høgt om at me er i ferd med å miste kontrollen over arvesølvet vårt når me skal selja det til høgstbydande. Angell tilbakeviser noko av grunnlaget for denne frykta, og peiker til eigarsida. Tal frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) syner at omlag 90 % av stor norsk vasskraft er i offentleg eige.

«Ein mister ikkje kontrollen over vasskrafta, det er framleis staten som kan kontrollera gjennom lovgjevinga. Men den politiske styringa er noko anna. »
Svein Ivar Angell, 2020

Likevel ber han oss om å halde eit ekstra auge med det som gjeld småkrafta. - Det som går litt under radaren er småkrafta, der utanlandske investorar gjerne står bak.

Angell ser også ei utvikling der det kjem til å leggjast eit større press på Norge som produsent av fornybar energi. - Det er ei forventning om at ein skal produsera mykje meir grøn energi, så blir spørsmålet, korleis skal ein gjere det? spør Angell.

Vatnet som identitetsmarkør

Ordskiftet om forvaltninga av den norske vasskrafta avdekker mange kjensler kring vatnet. Angell held fram vatnet som ein sterk identitetsmarkør for Norge.

- Det er eit bilete på Norge. I samanhengar der bilete av Norge blir eksportert til omlandet, blir den fornybare energiproduksjonen gjerne løfta fram.

Rånåsfoss kraftverk i Glomma.
Rånåsfoss kraftverk i Glomma. Foto: Dag Endre Opedal, Kraftmuseet.

Norsk vasskraftspolitikk har gjennomgått store endringar dei siste 100 åra. Frå panikklov og heimfall, til energilov og marknadskrefter som gjer sitt inntog. Om du skal spå noko, korleis ser framtida for norsk vasskraft ut?

- Eg trur at det kjem til å leggjast eit press på at me skal produsera meir fornybar energi. Kanskje meir press på utbygging, utviding av eksisterande anlegg. Men det som er sentralt, er kraftprisane. Det som før handla om politiske beslutningar, har i større grad blitt eit marknadsspørsmål, seier Angell.

«I klimaperspektivet kjem vasskrafta til å vera viktig. For vatnet er ein evigvarande grøn ressurs. »
Svein Ivar Angell, 2020

Kjelder

  1. Svein Ivar Angell (13. februar 2020?.Trim())
  2. NVE. Lokalisert april 2021 på Verdensveven: https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonsbehandling-av-vannkraft/sma-vannkraftverk/?ref=mainmenu