Møtet med vindkrafta

Forfattar Anders Totland har dei seinare åra arbeid mykje med vindkraftdebatten. Her gir han oss ein personleg inngang til saka.

test
Forfatter Anders Totland, Midtfjellet Vindpark, Fitjar. Foto: Henrik Mundal Andreassen.
EP05 Hva er det med vindkraften?

Eg bur i ein kraftkommune. Kvar einaste veke spring eg turar oppover grusvegen mot dei nærmaste demningane. Her har det blitt produsert straum sidan tidleg på 1900-talet, då det aller første kraftverket blei bygd for å få lyspærene på sjukehuset i bygda til å skina. Over nokre av dei mest populære turområda går det kraftlinjer til smelteverket i nabobygda. Når eg går tur i regnet, høyrer eg korleis det knitrar i linjene.

Landskapsbilde i høstfarger. Fjellparti med en dam som har demmet opp vann i et magasin. Kraftlinje midt i bildet. Rød trebygning til venstre.
Dam Blådalsvatnet, Blåfalli i Kvinnherad, 1965. Foto: Knut Ove Hillestad, NVE.

Med dette som bakteppe, må eg innrømma at eg stussa då eg såg dei første demonstrasjonane mot vindkraft i Kvinnherad, sommaren 2019. Ein ting var at eg ikkje forstod kvifor sambygdingane mine protesterte mot noko dei aller flest såg på som nødvendig. Det raraste var likevel at dei protesterte mot noko ingen hadde planlagt.

Rett nok forstod eg etter kvart at området me bur i, var innanfor Norges vassdrags og energidirektorat (NVE) sine 13 utpeikte område som kunne vera aktuelle for utbygging i følgje Forslag til nasjonal ramme for vindkraft som var blitt lagt fram den våren. Men det var altså ingen konkrete utbyggingsplanar her.

Det enorme engasjementet mot ein tilsynelatande hypotetisk trussel tende òg noko i meg. Ikkje ein kampeld, men ein djup fascinasjon for korleis vindkraftutbygginga i landet såg ut til å engasjera folk. Og for kvar dag som gjekk, såg eg korleis engasjementet vaks og spreidde seg, ikkje minst langs kysten.

Det blei starten på eit dokumentarprosjekt, som eg skulle jobba med i fleire år. Først og fremst om menneska som engasjerte seg, men òg om politikken og resultata. For kva kan eigentleg ei slik folkeleg mobilisering føra til?

«Ganske snart blei det synleg kva som var dei største utfordringane med prosjektet: Tillit og oversikt.»

Mistanken om ein agenda

I nesten heile mitt vaksne liv har eg jobba som journalist. Eg har skrive om folk sine liv. Om gleder og sorger, og om djupe tragediar. Heile tida har det vore avgjerande å få folk sin tillit, at dei eg har intervjua og snakka med har stolt på at eg ville forvalta historia deira på ein god måte. Men aldri har det vore eit problem. Ein god samtale har alltid vore nok til å få den nødvendige tilliten, til å få folk til å opna seg.

I møtet med vindkrafta – og her snakkar eg både om politikarar, utbyggarar og motstandarar – var situasjonen annleis. Nesten uansett kven eg kontakta, var det ein grunnleggande skepsis der, som eg ikkje utan vidare kunne snakka meg forbi. For kven representerte eg eigentleg, og kva var motivasjonen min for å skriva denne boka eg jobba med? Kort sagt, og litt forenkla: Var eg ein agent for fienden?

Illustrasjon av en kvinne med ordførerkjede, representant for politikerne i kommunen. Illustrasjon av eldre kvinne med kaffekopp, naboen til kraftutbyggingen.

I arbeidet med boka Vindmøllekampen - Historia om eit folkeopprør (2021) var det eit problem, for det var jo nettopp menneska eg ville prøva å forstå. Samtidig opplevde eg det som eit lite gløtt inn i kvardagen til alle som jobbar med dette feltet dagleg. Der ein elles tenker at dei fleste vil kvarandre godt, sjølv om ein er uenig i sak, var debatten om vindkrafta, og dei konkrete utbyggingane, blitt så betente at det knapt gjekk an å snakka saman lenger.

Berre tanken på at eit stort og viktig kraftselskap skulle bruka fleire veker på å gje svar på relativt enkle spørsmål om prosjekta dei jobbar med, og som betyr mykje for folk, var heilt utenkeleg før eg starta på dette arbeidet. No veit eg at det fort kan gå månader, og at resultatet likevel kan bli ein variant av «ingen kommentar».

Korleis kom me dit?

Kampen om historia

Det korte svaret er nok summen av dårlege opplevingar. Utbyggarar, organisasjonar og politikarar som kjempa for vindkraft, meinte at dei uansett ville komma dårleg ut, og at alt dei sa, ville bli vridd på. Dei hadde ingenting å tena på å uttala seg.

For alle enkeltpersonane som av ulike grunnar kjempa mot vindkraft, var eg ein representant for pressa – for det kalde utanfrå-blikket som kom inn for å studera og analysera, utan engasjement eller varme. Ein del av dei eg møtte, sa rett ut at dei hadde opplevd å gje intervju som blei heilt annleis på trykk enn dei hadde sett føre seg. Andre kunne ikkje forstå at eg kunne vera ein slags nøytral part, etter å ha sett meg inn i kva vindkraftutbyggingane førte til rundt om i landet. Og dersom eg ikkje var motstandar, var eg nødvendigvis på feil side i saka – og ikkje ein person å sleppa for tett innpå.

Alt dette går det godt an å forstå. Heldigvis løyste mykje seg med lange samtalar og lovnader om sitatsjekk i eit omfang eg aldri hadde godteke i rolla som avisjournalist. Men i denne samanhengen meiner eg framleis det var heilt rett. Med korta på bordet, og ein tryggleik om at historia ville bli forvalta på ein god måte, kom òg tilliten.

«Det mest krevande var likevel mangelen på oversikt.»

Ein jungel av tal

For kor skal ein eigentleg begynna viss ein ønsker å skaffa seg oversikt over all eksisterande og planlagt vindkraft i Noreg? Anlegga som er bygt finst det lett tilgjengeleg informasjon om, og det går an å leita seg fram til konsesjonsvedtak og klageprosessar. Men skal du inn i alle konsesjonar som er søkt om og behandla, er informasjonsmengda så stor at det nesten er umogleg for vanlege folk å finna fram.

Ta konflikten med reindriftssamane, til dømes. I lys av det brennheite konfliktnivået i saka på Fosen, som nådde eit toppunkt i merksemd vinteren 2023 – 500 dagar etter at Høgsterett sa sin dom i saka – skulle ein gjerne tru dette var eit prioritert område å sortera i og skaffa oversikt over. Men då eg jobba med boka i 2020 var det ingen hos NVE som kunne gje eit klart svar på kor mange vindkraftkonsesjonar som var i konflikt med reindrifta. Ei slik oversikt fanst ikkje.

Kvinne står med megafon foran demonstranter.
Ella Marie Hætta Isaksen i spissen for demonstrasjoner i Oslo mot vindturbinene på Fosen 03.03.2023. Foto: Terje Bendiksby/NTB.

Gråsoner og nyansar

Eit anna viktig tema var spørsmålet om lokaldemokrati og sjølvråderett. I debatten blei det ofte sagt at me ikkje bygger vindkraft utan lokalpolitisk støtte i Noreg, og at det nesten aldri har skjedd. Men berre eit enkelt spørsmål om kor mange kommunar som faktisk har blitt overkøyrt, var det uråd å få eit klart svar på. Ikkje fordi kommunikasjonsfolka hos NVE ikkje ville hjelpa.

Det var berre ikkje så lett å svara på, og korleis ein valde å definera dei ulike prosjekta avgjorde kva svar ein sat igjen med.

For det finst døme på at kommunen der sjølve turbinane skal stå, har sagt ja, men kommunar som får straumlinjer eller annan infrastruktur innanfor sine grenser, har sagt nei. Og det finst vindkraftverk som strekker seg gjennom fleire kommunar, der ein har sagt ja og ein har sagt nei. I tillegg kjem utbygginga på Kvaløya i Tromsø kommune, der lokalpolitikarane sa ja til eitt prosjekt, men enda opp med to.

Og kva med dei lokale motsetningane? Følgjer ein den offentlege debatten er det lett å få inntrykk av at det finst to leirar i kvar bygd: Dei som er for og dei som er imot, dei som vil ha utvikling og dei som vil dyrka nostalgien.

Etter å ha besøkt bygder og kommunar over heile landet, og snakka med både forkjemparar og motstandarar av vindkraft, er inntrykket mitt det same som for dei fleste andre tema eg har jobba med: Dess tettare ein kjem på, dess mindre svart/kvitt er verkelegheita.

Djevelen finst kanskje i detaljane, men sanninga finst i gråtonane. Og sjølv om det krever litt å fanga det opp og få det med seg, ligg ofte dei klaraste svara i nyansane.


Kjelder

  1. Anders Totland (2021). Vindmøllekampen – historia om eit folkeopprør. Samlaget
  2. (1. april 2019). NVE rapport nr 12-2019: Forslag om nasjonal ramme for vindkraft på land. NVE https://www.nve.no/energi/energisystem/vindkraft/nasjonal-ramme-for-vindkraft/

Utforsk Kraftlandet