Sidehistorier

De hvite kull

Espen Askeladd og fossen

Med sine høge fjell og djupe dalar, i kombinasjon med eit vått klima, er Noreg godt eigna for utnytting av vasskrafta.
Eit lys blir tent ved Lisleby Brug i Fredrikstad – det første elektriske lyset i Norge. Dei første kraftverka som kjem på slutten av 1870-talet er drivne av damp. Diskusjonen går: Skal vi satsa på dampkraft eller vasskraft? Vasskrafta vinn.
Senja Nikkelverk byggjer eit lite vasskraftverk i Hamn på Senja hausten 1882. Kapasiteten er på 6,5 kW, og går berre til opplysing av eige anlegg. Dette er det første vasskraftverket i Europa.
Laugstol brug i Skien er det første elektrisitetsverket som sel straum til innbyggarane. Verket er i drift i oktober dette året.
Lova av 1887 gav nasjonale styresmakter meir kontroll med vassdraga.
Hammerfest er den første norske byen som får elektriske gatelys.
Hammeren kraftverk i Oslo kjem i drift som det første vassdrivne kraftverket i hovudstaden. Det leverer elektrisk straum til byen og sporvegen, og utvidar alt i 1901 grunna auka kraftbehov.
¾ av dei utbygde norske fossane er på utanlandske hender, noko må gjerast! Panikklova er eit svar på det norske politikarar opplever som ein kritisk situasjon, og slår fast at utanlandske investorar må søkja om samtykke frå den norske stat for å kjøpa fallrettar.
Svelgfoss I kraftverk. Blir bygd for å sikra kraft til Norsk Hydro sin første salpeterfabrikk på Notodden. Kraftverket er, ved opninga , det største vasskraftverket i Europa.
Tysso I kraftverk leverer elektrisk straum til fabrikkane i Odda i Hardanger. Kraftanlegget blir freda i 2000 som det første i landet.
Heimfall sikrar at fallrettar som private kjøper, skal gå tilbake eller «falla heim» til staten etter ein periode på 60 år.
Vemork kraftverk er på dette tidspunktet største vasskraftverket i verda.
Lova etablerte krav til konsesjon for oppkjøp av både vassdrag og bergverk. Den inneheldt føresegn om heimfall og meir detaljerte obligatoriske konsesjonsvillkår. Industrikonsesjonslova la mellom anna fram at kommunar skulle få direkte økonomiske bidrag i form av konsesjonsavgift.