De hvite kull

Fossespekulasjon, lettlurte bønder og den raskt vaksande industrialiseringa var godt stoff for romanforfattarar på første halvdel av 1900-talet. Dei var opptekne av å skrive om problema i samfunnet. Ein av dei var Gro Holm.

Tyssestrengene, tvillingfoss i Skjeggedal. Foto: Kraftmuseet.
EP02 Kontroll
«Denne boka burde vært trykt i en million eksemplarer, og hvert eneste herredstyremedlem landet over burde lese den som evangeliet – så kanskje de kom til å tenke sig om når det næste gang blir spørsmål om å gi konsesjon.» Mikkjel Fønhus, forfattar , 1937 - artikkel i avisa Østlendingen

Eit mørkt kapittel

I romanen De hvite kull, som kom ut i 1936, sette Gro Holm søkeljoset på vasskraftutbygging, fossekraft og spekulasjon. Norsk litteratur var framleis inne i ei endringstid, der forfattarane ville skriva samfunnskritisk og realistisk, opplysa folket, få fram sanninga. Begrepet «de hvite kul» var mykje brukt om dei norske vassfalla som ei kjelde til energi i staden for det importerte «svarte kul» frå England.

Sjølv levde Gro Holm tett innpå industri- og vasskraftutbygging i heimbygda Odda innst i Hardanger, der den nye karbidfabrikken hadde breidd seg over halve staden frå 1906, og lagt beslag på bøane der ho hadde vakse opp.

I De hvite kull skildrar Holm oppkjøpet av fossar som eit mørkt kapittel i norsk historie, der uvitande bønder blir lurt av kapitalistar til å selja grunnrettane til elva, fossen og dalen for ein slikk og ingenting, for så å kunne selja dei vidare for det mangedobla. Bøndene som eigde fossane, ana ikkje kva rikdommar som låg bak investorane si enorme interesse.

Gro Holm. Foto: Kraftmuseet.
Bokomslaget til Gro Holm sin roman
Bokomslaget til Gro Holm sin roman «De hvite kul». Foto: Kraftmuseet.

Ei menneskeleg tragedie

«Kva vil du med den? Svara bonden då oppkjøparen spurde om å få kjøpa fossen. Byggja ut? Er det møllebruk du har tenkt å ha her? » (Holm, 1936).

Dei aller fleste bøndene hadde ingen kunnskap om den nye tida som rulla inn over samfunnet med industrialisering og elektrifisering. Dei hadde ikkje mykje å setta opp mot dei rike oppkjøparane og investorane. Gro Holm beskriv dette som ei menneskeleg tragedie der bondesamfunnet møter storindustrien. Dei ein gong så stolte bondesønene måtte ta seg arbeid som sluskar og industriarbeidarar, eigentleg det siste ein bondegut kunne tenkja seg.

Ein anmeldar meinte ein ikkje kunne festa lit til boka, då det var heilt urimeleg at ein sakførar lurte til seg ei elv for hundre kroner og selde den for det mangedobla. Gro Holm sin kommentar var:

«Eg kunne ikkje fortelja det som det verkeleg var, då hadde ingen trudd meg. Seljaren fekk nemleg berre tjue kroner for elvaretten.» Gro Holm, 1948 - artikkel i Bergens Arbeiderblad

Utforsk Kraftlandet