Ei iskald vare

Is frå norske brear har opp gjennom historia vore ei gjev eksportvare, så vel som eigna produkt for iskalde reklamestunt.

EP01: Brefolket

Dei norske breane hadde sidan midten av 1800-talet vore eit ynda turistmål for utanlandske reisande. Men snart var det ikkje berre turistane som kom til å reisa langt for å sjå dei veldige isslotta i nord, no skulle sjølve isen ut på lange reiser.

Maleri av landskapet under isen på ein bre.
Folgefonna. Måleri av Henry Boyd.

Frå Folgefonna til Europa

Sommaren 1826 fekk bygdefolket på Bleie i Hardanger ei uvanleg oppgåve. Dei skulle hente is frå breen og få han om bord i båtar som skulle frakta han til England.

Året før hadde ein skotsk skippar kome til Bergen for å høyra kvar han kunne henta ei last med is. Han fekk rådet om å reisa til Mauranger og henta is frå Bondhusbreen, ein arm av den store breen Folgefonna. Dette var ikkje så enkelt, då isen måtte bli rodd øver eit vatn før han måtte berast på rygg fleire kilometer ned til fjorden. Skotten reiste heim att utan is.

Teikning som viser Folgefonna og iseksport frå Bleie i Sørfjorden.
«Isrenden fra Folgefonden over Gaarden Bleje ved Sørfjorden i Hardanger». Ukjend kunstnar.

Den kjende soknepresten i Hardanger og seinare stortingsrepresentant Nils Hertzberg fekk høyre om saka. Han skreiv i avisene at det var mykje lettare å få tak is frå «Støkken» på Bleie i Ullensvang, der breen hang under eit fleire hundre meters høgt stup over Sørfjorden, og der breen kalva store isblokker ned i ei snøfonn. Herifrå var det ei grei sak å få isen ned til sjøen.

«Det var eit eventyr dette, at det kom store skip frå framande land, for å henta ein so enkel ting som is. Dei kom med eit pust frå den store verda, til eit lite og avgøymt bygdesamfund.»
Knut L. Måge, lokalhistorikar

God forteneste

Ein kjøpmann frå Bergen sende av garde ein båt som skulle henta ei skipslast med is, og bygdefolket på Bleie tok seg arbeid på akkord med og henta isen ned. Det var godt betalt.

Etter kvart kom det fleire skip. Folk køyrde hestekjerrer, drog eller bar isblokker på ryggen ned til sjøen, der svære lastebåtar venta på å transportera isen til Skottland og England. Halvannan dag tok det å få ned om lag 36 tonn is. I 1846 vart det skipa meir is enn nokon gong før, heile sju skipslaster.

På 1850-talet vart is-hentinga betre organisert, og på det meste vart 300 tonn is henta ned frå breen av 276 personar til ei einaste skipslast.

Odde, Hardanger Fiord
«Odde, Hardanger Fiord», ca. 1900. Kunstnar Sydney Hart. Foto: Kraftmuseet.

Is på flasker

Likevel skulle det vise seg at forretningsideen med å selja is ikkje var lønnsam nok. 1862 var det siste året det vart skipa is frå Folgefonna til kontinentet.

I dag tappar ein vatn frå breen og sel det i flasker over heile verda. Is-vatnet kjem direkte frå den såkalla "Isklar-kjelda" eit par hundre meter under breen, på grensa til Folgefonna nasjonalpark. Det blir så ført i røyr ned dalsida av Sørfjorden, ned til eit djupne på kring 300 meter, og opp att på andre sida av fjorden, rett inn til Isklar-tapperiet før det blir distribuert i heile verda.

Frå Svartisen til Afrika

Hundre år etter siste utskiping frå Folgefonna, gjorde glasiolog Olav Liestøl og ingeniør Sivert Klevan frå Glassvatt isolasjonsfabrikk eit forsøk å frakta tre tonn is frå Svartisen til Afrika.

Idéen fekk dei då Radio Luxembourg lova ei kraftig skjøning til dei som kunne frakta ei isblokk frå Svartisen til ekvator. Radioen trudde nok ikkje at dette skulle vera mogleg, så dei sette summen til 100 000 franc (i dagens valuta om lag 1 million norske kroner), per kilo is som var att når frakta kom fram til ekvator.

Då Radio Luxembourg høyrde om planane til Glassvatt, skjøna dei at dei ikkje hadde testa teori mot praksis, og trekte tilbodet. Glassvatt ynskte likevel å gjennomføra eksperimentet som eit PR-stunt, og ekspedisjonsleiar Klevan henta inn ekspertar, mellom anna glasiolog Liestøl.

Isblokker

Aksjonen starta på Svartisen i februar 1959. Isblokkene blei skorne ut med motorsag og flogne med helikopter frå breen. Dei vart fryst saman att til ei tre tonn tung blokk, festa til eit ribbeverk av vinkeljern på ein lastebil og pakka inn i 800 kilo glassvatt. Einaste kravet hadde vore at dei ikkje skulle bruke kjølevogn.

Menn legger isblokk på slede
Ei av dei mange isblokkene som vart skorne ut frå Svartisen. Grunneigar Anton Svartisdal hjalp også til. Hentet fra Wikimedia Commons.
To menn ser på  isolasjonsmateriale.
Albert Schweitzer inspiserer isen. Hentet fra Wikimedia Commons.

Kor mykje is forsvann?

I tillegg til å vera ein reklamekampanje for isolasjonsfirmaet, var dette ikkje minst eit tiltak for å få merksemd kring Nobelprisvinnar Dr. Albert Schweitzer sitt fredsarbeid i Afrika, og å frakta medisin til sjukehuset hans der. Då isklumpen frå Svartisen, som hadde hatt ei startvekt på 3 005 kilo, kom fram til Libreville etter 27 dagar på vegen, var han berre 336 kilo lettare.

Restane av isen blei kutta opp og fordelt mellom sjukehuset og begeistra innbyggjara.

«Øyeblikket da dr. Albert Schweitzer la sine faste hender på isblokken, ble for oss i ekspedisjonen en nesten hellig opplevelse.»
Reportasje i tidsskriftet Aktuell., 1959