Med hest og kjerre over Folgefonna

Vitskapsmenn og kunstnarar oppdaga Norges fjellheim tidleg på 1800-talet. Dei reisande gav seg i veg på oppdagingsreiser til landet i nord der dei betrakta landskapet som ei vill og eksotisk øydemark.

Fire menn og to hester på isbreen Folgefonna.
Turistar blei frakta med hest og kjerre over Folgefonna, 1890-talet. Reproduksjon av eldre fargelagt postkort.
EP01 Brefolket

Vill natur

I dei intellektuelle kretsane i Tyskland og Frankrike skjedde det ei endring frå midten av 1700-talet. Kultivert natur, menneskeskapte hagar og parkar var ikkje spanande nok. Den ville, rå og golde naturen i nord, som inntil då hadde vore betrakta som stygg, appellerte no til dei indre kjenslene.

«Det må vera djevelen sjølv som har grave ut desse fjordane.» Jacque de la Tocnaye, forfattar , 1857

I dette barske landet i nord fann kunstnarane alt det den romantiske epoken tørsta etter; frodig natur, spektakulære fjell, isbrear, fossar, vatn og fjord. No skulle desse sublime naturstadene tiltrekkja seg folk.

Pionerturistane skreiv og måla romantiske reiseskildringar om endelause skogar, stille vatn, ville fjell og avgøymde fjordar. Folgefonna og fossane i Hardanger vart i lang tid framover dei største turistattraksjonane i landet.

Breturisme

Turismen blei ein ny veg til levebrød for folk i bygdene; som sesongarbeid og attåtinntekt. Gardsfolk tok med seg gardshesten, fekk seg ein karjol eller ei kjerra som dei kunne frakta turistane opp til fossane eller over breen med.

Mann og kvinne på breen med hund

"Den nye sport"

Folgefonna i Hardanger hadde ei stadig auke av besøkande utover i 1840-åra. Frå 1890-åra til byrjinga av 1900-talet var fleire hundre utanlandske turistar med på sledefarten over Folgefonna kvar einaste sommar. Det største følget var ein flokk på 137 personar på ein og same turen.

Framkomstmiddelet var hest og slede. Ofte vart turistane sette av på den eine staden for så å verte henta på andre sida etter at dei hadde teke seg over breen. Og populariteten auka. Etter kvart vart det bygd ridevegar i fjellsidene på veg opp til brekantane, både på Odda- og Kvinnheradsida.

I europeiske reisehandbøker kunne ein lesa at «Noget lignende kunne ikke præsteres noget andet sted i Europa». Og i Norge skreiv Aftenposten i 1888 at "Den nye Sport anbefales meget og vil sandsynligvis finde talrike Dyrkere».

«…om ikke pligterne kaldte meg andetsteds hen, vilde jeg kunne have tilbragt mit liv blandt Oddas vidunderskjønne omgivelser.» Keisar Wilhelm 2. av Tyskland

Dei eksotiske turane til Vestlandet var først og fremst meint for adel og borgarar. Av dei mest fremståande turistane var Keisar Wilhelm den 2. av Tyskland. Heile tjuefem somrar ferierte han i Norge frå 1889 til 1914. Då han besøkte Odda hadde han sine faste turar opp til brearmane Buerbreen og Bondhusbreen.

To kvinner og en mann står under breen.
Ei stor oppleving å koma så nær isen. Buerbrea i Odda. Foto: Knud Knudsen. Kraftmuseet.

Hest eller reinsdyr?

Den første faste breføraren på Folgefonna, var bonden Lars O. Bustethun frå Odda, som starta med å føra folk over breen i 1856. 25 år seinare byrja Godtskalk Gjerde i same tenesta på vestsida av breen, noko han hadde drøymd om sidan han var ungdom.

Då Gjerde starta hesteskyss, var det med støtte frå Turistforeininga. Turane hans vart svært populære. Breføraren skaffa seg også reinsdyr og gjorde eit forsøk på å dressera dei til sledefart. Norges Sjøfartstidende skreiv då: «De dresseres for Slæde, og skal ha vist sig meget lærevillige».

Det viste seg likevel at reinsdyra ikkje egna seg til slikt, og Gjerde gjekk attende til hesteskyss.

Folgefonna sett frå Reinanuten i sør. Foto: Dag Endre Opedal. Kraftmuseet.

Då industrien kom til Odda frå 1906, og seinast då første verdskrig braut ut i 1914, vart det slutt på den største turiststraumen til Hardanger. «Det synes næsten som om den en gang saa berømte Folgefondsovergangen gaar av Mode…» skriv Aftenposten i 1906.

Den kvite dronninga

Folgefonna er framleis tilgjengeleg frå mellom anna Buerdalen, Bondhusvatnet og Jondal sommarskisenter. Dei fleste turistar er i dag heller med på vandringar inn i blåisen enn over sjølve fonna. Det er sett opp hytter fleire stader for dei som treng ei overnatting om dei skal gå over heile breen, eller berre nyta den fantastiske solnedgangen over «Den kvite dronninga».


Utforsk Kraftlandet