Folket under isen

Isbrear har opp gjennom tidene både skremd og fascinert menneska. Fascinasjonen har skapt grobotn for fleire myter om opphavet til dei norske breane.

Mann som ser på brelandskapet på Svartisen.
Mann på Svartisen. Foto: Anders Beer Wilse. Nasjonalbiblioteket.
EP01 Brefolket

Historia bak Svartisen

Breen i Nordland fekk namnet Svartisen av fargane i isen som gjekk frå dei djupe blå til nesten svarte tonar. Segna om opphavet av breen er variasjonar over same tema; ein finne/same, anten han er på hemntokt eller ved eit uhell, strør svart oske over landet. Snøveret som då oppstår stoppar ikkje, lag på lag av snø vert til is, og isen vert tjukkare og breider seg ut over landet. Isen er i stadig rørsle, ein kan høyre han knaker og buldrer når små og store isblokker rasar ut.

Det er ikkje vanskeleg å skjøna at menneska trong ei forklaring på dette veldige naturfenomenet. Segna blei ført vidare i munnleg form, og nokon av dei blei samla i bokform. Folkeminneforskar Ørnulf Hodne skriv om segna som har oppstått omkring breane i boka Jutulhogg og riddersprang. Orsaka til at breane oppstod, var som ei straff for synd og styggedom, og dei hadde eit overnaturleg opphav.

«Isbrear har opp gjennom hundreåra vore gjenstand for merkelege observasjonar og fortellingar. Desse har gjeve både fantasien og vitskapen noko å bala med.»
Ørnulf Hodne, folkeminneforskar

Fleire forfattarar skreiv om segna frå Svartisen. Fotograf og diktar Barbara Bostrøm Baarsen skreiv om han i diktform i 1925, Amund Helland i 1908. Medan forfattaren Regine Normann samla segn frå Nord-Norge i bokform. Ho fekk denne historia om korleis Svartisen vart til på trykk i Aftenbladets Ukemagasin i 1936. Normanns tekst er oversatt fra bokmål.

Korleis Svartisen vart til

«Der som Svartisen no breier seg over fjell og djupe dalsøkk, var det ein gong frodig skog og grøne lier. I ei av liene ikkje langt frå sjøen, låg ein storgard med åker og eng, naust og sjøbruk. Eldste son på garden hadde forelska seg i ei vakker finnejente frå vidda i nord der familien hennar streifa med reinflokken. Guten ville absolutt ha jenta, han ville gifte seg med henne.

Foreldra og heile slekta til guten sette seg mot giftarmålet. Dei meinte at finnen var av eit heilt anna folkeslag, stutt av vokster, skeive augo, svarthåra og hjulbeint. Tungemålet er det omtrent ingen som skjønar, han flyttar frå stad til stad og har ingen heim. Men om den fastbuande nordmann synst det var ei skam å blanda blod med nomadefolket, var finnen minst like stolt av det.

Ein gong i tida var det deira forfedre som hadde herska over Lappland, Finnmark og dei store viddene. Dei hadde overført ei ubryteleg lov om at dei til evig tid skulle halde dei urgamle skikkane i akt og ære. Aldri måtte dei endre sitt tungemål, sin klesdrakt eller sin hustype, for då ville gudane venda seg frå dei og gjera dei fredlause på jorda. Fram for alt måtte dei ikkje la seg lokka av nordmannen sin stas og prakt og verta som ein av dei.

Isformer i Svartisen, Meløy, Nordland.
Isen skjuler mange løyndommar. Foto: Anders Beer Wilse. Nasjonalbiblioteket.
Mann skuer utover brelandskap, Svartisen, Meløy i Nordland.
Dette er mitt rike. Foto: Axel Lindahl. Nasjonalbiblioteket.
Svartkledd mann står foran et parti av Svartisen.
Eg passer på mitt rike. Foto: Anders Beer Wilse. Nasjonalbiblioteket.

Finnejenta hadde også tapt hjartet sitt til nordmannsguten, og ville gifta seg med han. Ho gav seg i veg over vidda for å be foreldra koma i bryllaupet. Foreldra vart rasande og piska ho vekk frå telta og kasta levande glør etter henne så ho aldri skulle makta å koma attende.

Fattig på jordisk gods og støytt ut av sitt folk, vandra ho over vidda attende til han ho hadde gjeve sitt hjarte til. Men vegen var lang, og då ho endeleg kom fram, vart ho jaga vekk. Kjærasten hadde svike henne medan ho var vekke, trulova seg med ei nordmannsjente.

Harm tok finnejenta i veg attende over vidda, men stansa øvst på bergoksla. Med dirrande fingrar tok ho fram ein skinnpose med eit fint kolsvart støv som ho rista ut for ver og vind. Ikkje før var posen tom, tok det til å sno. Og det snødde natt og dag over garden og grasmarka, over dalsøkk og skog og fjell.

«Snoen trykka på sno, og etter kvart vart han til is — Svartisen.»
Regine Normann, forfattar , 1937

Sjølv låg finnejenta gøymd under skavlane.».

Tegning av Folgefonna av Adolph Tidemand 1843. Teknikk: Akvarell, blyant og penn på papir.
Folgefonnna frå Reiseter. Teikning: Adolph Tidemand, 1843. Nasjonalmuseet.

Folgefonna

Det var dei tre største breane i Norge som fekk ei rekke segn knytt til seg. Folgefonna i Hardanger hadde eitt bestemt segn som gjekk att.

Heilt til i moderne tid har ein trudd at Folgefonna ligg på eit platå, sjølv om våre forfedre meinte dei hadde bevis for at det var dalar og små vatn under breen, der det hadde levd menneske. Elvar som rann frå under isen førte med seg kvernhjul, tilhogde tømmerstokkar, fat, bøtter og anna husgeråd. Det vart sagt at «man endnu hører Hanen gale under Snebræen».

Breforskarar har i seinare tid stadfesta at landskapet under Folgefonna verkeleg er ganske kupert. Eit segn fortel om kva ein i tidlegare tider meinte var orsaka til at det la seg is over terrenget.

Allereie i 1632 skriv prest og humanist Peder Claussøn-Friis om Folgefonna i boka Norrigis Bescriffuelse. Her heiter breen Fuglefond, kalt opp etter nokre merkelege småfuglar som heldt til i holer og revner i isen. Dei var i forskjellege fargar; raude, kvite, svarte, grøne og gule, og ein kunne sjå dei fly «i hopetal» der oppe. Om lag 200 år seinare kunne ein lese i boka til Andreas Faye om norske sagn korleis Folgefonna hadde blitt til.

«Her levde eit stolt, ugudeleg og overmodig folk i synd.»
Andreas Faye, prest og folkminnesamlar , 1833

Segnet om dei sju sokna

I dalane under isen der Folgefonna ligg i dag, låg Folgedalen, med heile sju sokn. Her levde eit stolt, ugudeleg og overmodig folk i synd. Vårherre bestemte seg for å øydeleggje alle dei sju sokna, og let det snø ti veker i strekk slik at dalen vart fylt med snø og sludd. Kyrkjetårnet vart heilt tildekt, og alt levande omkom. Snøen pressa seg saman og vart til is, og frå den stund har snø og is vakse seg til den enorme massen som i dag utgjer Folgefonna.

Segnet fortel at Gud let ei ung, gudfryktig jente få sleppa fordømminga. Ho kom seg ned til fjorden, der ho møtte ein gut. Dei gifte seg og fekk mange born saman. Det vart sagt at det var desse som var opphavet til folket i Hardanger.

I lang tid kunne ein sjå nokre merkelege småfuglar i alle fargar oppe mellom bresprekkene. Det vart sagt at fuglane var tapte sjelar som hadde vore forviste til aude og kalde stader. Kan det ha vore sjelane til folket frå Folgedalen?

/episodar/brefolket/