Med arvegods for arvesølv

Då norske politikarar skulle utforme ein vasskraftspolitikk, såg dei både til kontinentet og til USA for inspirasjon.

Vann som renner over et lite fossefall
Lekumsåa fossefall. Foto: Arne T. Hamarsland, NVE.
EP02 Kontroll

I møte med den industrielle revolusjonen ser kapitalsterke krefter potensiale i norske vassdrag. Hestekreftene som ligg i vatnet kan gjerast om til straum, som i sin tur kan driva fram kraftkrevjande industri. Norske politikarar får brått hastverk med å sikra seg betre nasjonal råderett med utviklinga. I utforminga av lovverket for regulering av vasskrafta ser dei norske politikarane til kontinentet.

Den private eigendomsretten står sterkt i Norge og Norden. Lenger nede på kontinentet tilhøyrer dei store vassdraga allmuen, representert ved staten. Dette heng mellom anna i hop med vassdraga sin betydning som transportårer. Land som blir viktige å samanlikna seg med i utforminga av den norske vassdragslovgivninga er Sveits, områder i Sør-Tyskland og USA.

Eit viktig ideologisk grunnlag for å forstå dei norske politikaranes kamp for vasskrafta er Henry George og hans bok Progress and Poverty som på norsk fekk tittelen Fremskridt og Fattigdom frå 1897.

Henry George

Henry George (1839-1897) var ein amerikansk forfattar og politikar. Han vaks opp i tronge kår og la tidleg merke til korleis det var dei som eigde jord som la seg opp penger, medan dei som ikkje eigde, men berre leigde, ofte sat fast i fattigdom.

Han er for ettertida kjent for å ha formulert tanken om at den største rikdomen i samfunnet knyter seg til såkalla grunnrenter, det vil seie rikdom som kjem av jord ein eig eller naturressursar som finst på denne eigendommen.

Portrett av Henry George
Henry George. Foto: Ukjent, New York Public Library.

George og hans følgjarar såg på naturressursar som jord, vasskraft, olje og fisk som storsamfunnet sine resurssar. Eit viktig poeng for George var at det er den allmenne samfunnsutviklinga som gjorde naturressursane verdifulle. Georgistane argumenterte for at bruken av naturressursane og ikkje arbeidet knytt til utnyttinga, skulle skattleggjast.

I Norge er mange framtredande offentlege figurar knytt til dette tankegodset, mellom anna fleire politikarar kring partiet Venstre, mellom anna den allereie nemnde Johan Castberg og forfattar Arne Garborg. lov om heimfall blir diskutert på eit møte i Fredrikstad i 1908, viser Castberg, som på dette tidspunktet er justisminister, til Henry George og hans tankegods i sitt innlegg.

«Spørsmålet om skat på stigende grunnverdi hænger sammen med Henry Georges tanke... grundværdistigningen ved samfundets vekst. [...] Det er bare rettfærdig at denne værdistigningen som er skapt ved og av samfundet tilfalder samfundet.» Johan Castberg, 1908 - fra stortingsdebatt

Såleis ser ein korleis dei norske konsesjonslovene, som kjem til å setja eit usletteleg preg på det norske samfunnet frå innføringa og fram til i dag, faktisk er ei importvare.


Utforsk Kraftlandet