Breen som vart temt

Var det mogleg å byggja eit vasskraftverk som nyttar vatnet under isen? Ekstremprosjektet som vart sett i gang på isbreen Folgefonna var eineståande i verda.

Parti av Bondusbreen.
Bondhusbreen skulle temmast. Etter hardt arbeid fekk arbeiderne kvile i bukvarteret «Vinduet» som klamrar seg til fjellsida. Foto: Espen Szemaitis.
EP01 Brefolket

Teknologisk nybrottsarbeid

Kraftstasjonane Mauranger og Jukla utgjer Folgefonna-verkene. Utbygginga av desse var det første vasskraftprosjektet i Norge der ein skulle henta vatnet frå under ein isbre, med det ein kallar eit subglasialt inntak. Samstundes skulle det også verta eitt av dei mest kompliserte i landet.

Dei hydrologiske spørsmåla var med å gjera planlegginga svært kompleks. Korleis kunne ein til dømes berekna kor mykje vatn ein kunne nytta når ein måtte bruka statistikk for bresmelting? Ein kan nok seia at det her vart drive nybrottsarbeid, med forsking og utvikling i felten. Planlegginga av Folgefonnanlegga fekk avgjerande betydning for korleis det hydrologiske fagmiljøet i Norge utvikla seg.

Statskraftverkene, som sto for utbygginga, skriv i 1965 at «Folgefonnanleggene byr på usedvanlig vanskelige terreng- og transportforhold». Dei reknar med at det vil gå to år til førebuande arbeid, som bygging av vegar og å få på plass kraftforsyning, brakker og bustadar til arbeidarane før anleggsarbeidet kan starte for fullt.

Eit ekstremprosjekt

Dei tekniske og naturvitskaplege komplikasjonane gjorde at Folgefonn-verkene vart betrakta som eit ekstremprosjekt. Det var likevel eit naudsynt og presserande prosjekt, då regjeringa hadde inngått samarbeid med internasjonale industriselskap i Frankrike og Sveits om etablering av ny industri – eit aluminiumsverk skulle byggjast på Husnes i Kvinnherad.

I 1965 utarbeidde Statskraftverkene ein helheitleg plan for fire nye utbyggingar i Sunnhordland. Prosjekt Folgefonn-verkene var ei samanslåing av to prosjekt på Folgefonnhalvøya; Hatteberg og Mauranger. Fram til Mauranger kraftverk var bygd ut, skulle krafta til aluminiumsverket leverast frå kraftverka i Røldal/Suldal og Tokke i Telemark.

Oversikt over området for utbygging av kraftverka Mauranger og Jukla.
Utbyggingsplan for Folgefonn-verkene. Faksimile frå Statkraftverkene si informasjonsbrosjyre, 1980.

Utbygging og komplikasjonar

Arbeidet med utbygginga starta i 1968 med oppsetting av brakker og opparbeiding av vegar. På det meste var 750 personar i arbeid. Det blei bygd om lag 50 km tunellar og sjakter og 50 km vegar i samband med utbygginga. Idéen og tankane på papiret skulle no endeleg verta verkelegheit. Berekningane i planen skulle likevel visa seg å verta mykje vanskelegare enn ein hadde trudd.

Avrenninga frå Bondhusvatnet fordeler seg langs heile kanten av Bondhusbreen. Det var dette vatnet som no skulle fangast opp og førast inn i eit komplisert takrennesystem med mange små tunellar. Desse skulle føra vatnet inn i hovudtunellar som igjen skulle senda dei dyrebare dråpane ned til kraftstasjonane.

«Det skulle ta heile seks år berre å finna vatnet under isen som gjennom eit takrennesystem skulle samlast i eitt kraftverk.» Bjørn Wold, glasiolog ved Norges vassdrags- og energidirektorat

Jakta på vatnet under isen

Planen skulle likevel visa seg å verta mykje vanskelegare å realisera enn ein hadde trudd. For at ein skulle kunna nytta vatnet i kraftproduksjonen måtte det fangast opp om lag 900 meter over havet. Problemet var at isen dekte kring 200 meter, slik at ein ikkje visste kvar vatnet gjekk, berre at det kom ut om lag 450 meter over havet.

Vatnet fosser i elva under Bondhusbreen. Foto: Bjørn Wold. NVE.

Statskraftverkene hadde inga erfaring med å finne vassvegane under så store ismassar. Dei rådføra seg difor med Életricite de France som hadde bygga eit subglasialt inntak under Argentièrbreen nær Chamonix. Ulike metodar vart prøvde ut, alt frå å lytta etter rennande vatn med geofonar og å ta seismiske målingar til å bora i isen. Alle freistingar viste seg å vera mislukka. Ein fann ikkje ut kor vatnet rann.

Gjennombrotet

Det vanskelege arbeide med å finne breelva under isen hadde nær sett ein stoppar for heile utbygginga. Ni år etter oppstart var ein ved å gje opp heile prosjektet då ein siste freistnad vart gjort. Frå ein tunell som vart driven tvers gjennom heile isen, vart det no gjort sondeboringar i vifteform frå utstrekte fastpunkt. På denne måten fekk ein endeleg kartlagt korleis terrenget under breen så ut. Til slutt klarte ein å lokalisera eit reinskurt elveleie med stor vassføring. Endeleg hadde ein funne vatnet! Sidan 1978 har dette elveleiet vist seg å vera stabilt.

Dokumentar om Maurangerutbygginga.
Video: Statkraft.

Automatisert sandfang

Brevatn fører med seg store mengder grovt og fint morenemateriale, noko som raskt vil fylla opp og tetta att ein tunell. Det er difor naudsynt å byggja eit sedimentkammer, eller eit sandfang, for å samla opp desse massane, for så å tømma kammeret med jamne mellomrom. Tømminga gjekk føre seg manuelt med eit lokomotiv på ein skinnegang. Dette var eit arbeid som kravde mykje tid og ressursar. Kvar tømming tok om lag tre månader kvart år.

Kostnadene med dette var store, og i 1981 starta ein med å planlegga eit automatisk spyleanlegg for breinntaket. To år seinare vart det bygd. No kunne store mengder morenemateriale verta ført gjennom sedimentkammeret og ut på Bondhusbreen gjennom ein utspylingstunell. Berre dei store steinane vart liggande att, for så å bli sprengde og skylt ut i neste omgang. Den automatiske tømminga tok om lag to timar, ei enorm innsparing frå tidlegare. Denne vert framleis gjennomført to gonger i året.

Teikning av sedimentkammeret under Bondhusbreen.
Sedimentkammeret under Bondhusbreen. Det romma heile 7 000 kubikkmeter. Faksimile frå Statkraftverkene si informasjonsbrosjyre, 1980.

Anlegget var eineståande i sitt slag i Europa, og automatiseringa gjer at ein i dag kan la det stå ubemanna resten av året.


Utforsk Kraftlandet