«Vinduet» er ei anleggsbrakke som klamrar seg til fjellsida under breen. Rett over munninga til tverrslaget, midt i stupbratte fjellsider og med isen frå Bondhusbreen rett ved, vart dette huset bygd for tilsette ved Maurangerutbygginga. Her hadde arbeidarane og anleggskokka sitt bu- og matkvarter med verkstad i anleggstida. Det var berre mogleg å kome hit med helikopter.