Dei som bygde landet
- arbeidsfolka

Berre fire mann starta å arbeida i kraftstasjonsområdet på Tokkeanlegget i november 1955. Tre år seinare var det om lag 850 tilsette, og anlegget strekte seg frå Bandak til Haukeli.

Anleggsfolk med familie framfor ei brakke.
Anleggsfolk med familie framfor ei brakke. Foto: Thorleif Hoff, NVE.
EP04 Vasskrafta bygger landet

Utbygginga av kraftstasjonen på Haukeli var ein av dei første, og var naudsynt for å forsyna dei andre utbyggingane med straum. Det var lett å få tak i nok erfarne anleggsarbeidarar, dei stod praktisk i kø for å få jobb. Anleggskokkene sørga for at arbeidsfolka hadde mat, anleggsbeteninga for reine lokale og reine klede. I byrjinga fekk kokkene løna si av arbeidarane, seinare av entreprenørane eller kraftselskapa.

Sjefskokke på anlegga.
Ågot Albertha Melen - sjefskokke på anlegga. Illustrasjon: Suzie Webb.

Ågot Albertha Melen

Ågot var sjefskokke på anlegget i Aura før ho kom til Songa kraftverk i Arabygdi og Tokkeanlegga. Ho var sjef for ein stab på 20 kvinner, og hadde ansvaret for 225 mann som budde på brakkene og åt på kantina.

«Det har vore kjekt å stelle på kjøkenet her, for arbeidarane har stort sett vore nøgde med maten, sjølvsagt er det so her og: Til lags åt alle kan ingen gjera.»
Fødestad

Kviteseid, Storfjord i Troms

Levde frå – til

1926-2004

Stilling

Sjefskokke

Arbeidde ved desse anlegga

Aura, Åmodt og Songa

- hjelpekokke og brakkebetjening
Tone Granli - hjelpekokke og brakkebetjening. Illustrasjon: Suzie Webb.

Tone Granli

Tone var hjelpekokke og brakkebetening på Tokkeanlegga i fem år. Det var anleggsdrift om sommaren, og om vinteren var det storvask på alle brakkene. På Dalen blei Tone kjend med NVE sin fotograf Jostein Granli. Dei gifte seg og fekk tre born.

«Det var eit triveleg miljø og arbeid, men vi måtte stå tidleg opp. For å ha maten klar på bordet til det første skiftet som kom klokka seks, måtte vi starte i halv fire tida.»
Fødestad

Arabygdi, Rauland i Telemark

Levde frå - til

1940 -

Stilling

Brakkebetening

Arbeidde ved desse anlegga

Songa og Dalen

 - anleggsarbeidar.
Olav T. Kvålen - anleggsarbeidar. Illustrasjon: Suzie Webb.

Olav T. Kvålen

Olav budde på Haukeli, og gjekk bort til anleggsplassen og spurte etter arbeid då utbygginga av Tokkeanlegget på Haukeli starta. Han kunne få byrje dagen etter. Kvålen arbeidde rundskift 48 timar i veka frå starten i 1955 til han gjekk over til å arbeide i vegvesenet i 1964.

«Det var tungt arbeid i tunellen, og det var om å gjera å driva tunellen fort fram om ein ville tena pengar. Vi hadde akkord, og hadde for meteren i framdrift.»
Fødestad

Vinje i Telemark

Levde frå - til

1914-1997

Stilling

Anleggsarbeidar i tunell

Arbeidde ved desse anlegga

Haukeli

maskinarbeidar
Knut Storøygard - maskinarbeidar. llustrasjon: Suzie Webb.

Knut Storøygard

Knut var sjømann som kom til anlegget på Dalen fordi mor hans meinte han burde få seg arbeid på land. Då han også hadde møtt ho som skulle bli kona hans, forlot han livet som sjømann. Storøygard køyrde buss og lastebil og var aktiv i Norsk Arbeidsmannsforening. Han arbeidde på Tokkeanlegget frå 1956-1968.

«Det kunne bli mange timer. Jeg husker en gang som vi var oppå en borebukk i Ravnjuvtunnelen, og da jobba vi 40 timer overtid på ei uke. Så jeg var nesten ikke i seng.»
Fødestad

Telemark

Levde frå-til

1934 -

Stilling

Maskinarbeidar, dreiar ved hovudverkstaden

Arbeidde ved desse anlegga

Dalen

Utforsk Kraftlandet