Iskald overnatting

I samband med kartlegging og undersøking av isbrear, oppretta Norges vassdrags- og energidirektorat observasjonsstader på isbreane. Som bukvarter vart det bygd små uisolerte trekanthytter.

Pyttebuene på Holmaskjer på Folgefonna. Tidlegare NVE målingsstasjon, no Kraftmuseet si breavdeling.
Pyttebuene på Folgefonna. Foto: Dag Endre Opedal, Kraftmuseet.
EP01 Brefolket

Pyttebuene – forskarens heim på Noregs tak

Målestasjonen på breen Folgefonna vart bygd på Holmaskjer rundt 1550 meter over havet, på grensa mellom kommunane Ullensvang og Kvinnherad, i 1963. Hyttene på stasjonen var små, enkle trekanthytter på om lag tre x tre meter. Dei vart seinare kalla «Pyttebuene» etter glasiologen som leia dette breprosjektet, Randi Pytte Asvall.

Pytte Asvall var den første kvinnelege glasiologen i Norge. Ho byrja som ung glasiologstudent i 1962 med arbeid for NVE (då kalla Norges vassdrags- og elektrisitetsvesen) på Nigardsbreen, ein av brearmane til Jostedalsbreen. Som glasiolog på NVE sitt brekontor gjennomførte Randi Pytte ei unik kartlegging av Folgefonna i perioden 1963-1971.

Dette var i hovudsak forundersøkingar i samband med vasskraftutbygginga i Mauranger nokre år seinare. Sommarassistentane føretok glasiologiske og meteorologiske målingar, som dei regelmessig leverte til NVE sitt brekontor.

I byrjinga budde sommarassistentane i små telt når dei arbeidde på breen. For å betre på arbeidstilhøva fekk NVE bygd enkle trekanthytter som dei kunne bu i, av fleire kjend som «Pyttebuene». Hyttene var utstyrt med naudsynt kokeutstyr og ein liten varmeomn.

Hyttene var opphalds- og arbeidsstad heile året, og det var viktig å ha orden og system. Den eine «Pyttebua» var hovudhytte, brukt til overnatting, den andre var garasje for snøscooteren «Vargen» og bod for oppbevaring av måleutstyr. Radiosamband med omverda var viktig for sikkerheita på alle brestasjonane, og for Folgefonna vart det oppretta samband med Tyssedal kraftstasjon.

Randi Pytte kjører snøscooter på breen.
Randi Pytte på snøscooter. Foto: NVE.
Målestasjonen på Holmaskjer på Folgefonna i 1968.
Målestasjonen på Holmaskjer i 1968. Foto: Randi Pytte. NVE.
Snøstorm på Folgefonna og trekanthyttene.
Værhardt på breen. Foto: Randi Pytte. NVE.
Telt i uvær på isbre
Teltleir på Nigardsbreen i 1962. Foto: NVE.
Grave ut hytta frå snøen
«Pyttebuene» måtte måkast fram frå snøen. Foto: Randi Pytte. NVE.
Snøscooteren hentes ut av garasjen.
Scooteren og utstyret var i den eine bua. Foto: Randi Pytte. NVE.
Nedsnødde hytter på Folgefonna
«Pyttebuene» nedsnøa. Foto: Randi Pytte. NVE.
NVE sitt skilt på målestasjonen sine hytter på Folgefonna.
NVE sitt skilt frå 1960-talet. Foto: Dag Endre Opedal. Kraftmuseet.
To personar inne i ei trekanthytte.
Randi Pytte og ein studentkollega inne i hytta på 1960-talet Foto: NVE.
Pyttehytta interiør
Inne i «Pyttehytta». Foto: Dag Endre Opedal. Kraftmuseet.
Interiør fra Pyttehytta.
Slik ser «Pyttehytta» på Holmaskjer ut i dag. Foto: Dag Endre Opedal. Kraftmuseet.

Liknande hytter vart sette opp på mange av breane i Norge. Den karakteristiske trekantforma var inspirert av telta NVE hadde brukt på tidlegare bremålestasjonar. Dei var godt forankra med barduner, og forma gjorde at dei kunne halde ut det harde fjellvêret.

Fleire av desse hyttene står der enno, og to av «Pyttebuene» er i dag tilknytta Kraftmuseet i Tyssedal. Museet tok initiativ til å få restaurert målestasjonen på Folgefonna i 2002. Restaureringsarbeidet vart kosta av NVE og Statkraft, og buene vart oppgraderte med autentiske gjenstandar. Dei står opne når vêr og snøforhold tillet besøk. Kanskje er «Pyttebuene» på Holmaskjer, 1550 meter over havet, det minste og høgast liggande museet i landet?

Randi Pytte Asvall vart seinare førstehydrolog ved Norges vassdrags- og energidirektorat sitt iskontor.

Trekanthytte og ski i måneskinn på Folgefonna.
Måneskinn over Folgefonna, juni 1963. Foto: Randi Pytte, NVE.
Hytte som er festet med wire til fjell.
Turlagshytta på Holmaskjer. Foto: Ukjent.

Frå bukvarter til turlagshytte

Liknande hytter vart sette opp på mange av breane i Norge, men etter kvart vart dei bygd større, betre isolerte, og med både elektrisk ljos og toalett. Hytta på Engabreen, ein brearm til Svartisen, vart overteke av Bodø og Omegn Turistforening i 1994, som saman med Statkraft opna den som ei turisthytte i 1994. NVE si hydrologiske avdeling får disponere eit eige rom på hytta.

I Odda fekk den lokale turgruppa ideen om å byggja ei større hytte på Folgefonna i 1982. Fram til 1986 føretok turgruppa grundige undersøkingar om plassering, før dei saman med Bergen Turlag fekk kontrakt på tomt av Statens Skoger, og byggjemelding for ei hytte på Holmaskjer vart godkjend. Grunnarbeidet starta i 1988, og 12 tonn byggmateriale vart frakta opp til breen med helikopter. Søndag 10. juni 1990 vart ei sjølvbetjent hytte med 18 sengeplasser offisielt opna.

Lokale turlag har også bygd større hytter på eller i nærleiken av andre brear, som Fonnabu, Breidablikk og Sauebrehytta. Nær Svartisen finn ein DNT si hytte Tåkeheimen, som i 2014 vart kåra til den meist utilgjengelege hytta i landet. Hyttene gjer det i dag mogleg for alle å kunne overnatte på «verdas tak».

/episodar/brefolket/