Eit døgn med ein million liter fossande vatn kvart sekund gjorde lange og trange Jostedalen til eit katastrofeområde i 1979. Alt var vendt opp-ned. Turistar satt vettskremde i bilane sine og måtte hentas ut med helikopter. I stovene sto vatnet opp under taket og klesvasken var slengt opp på hesjestrengene. No fulle av søle. Og kyr vart fanga på ei øde «øy» i den frådande elva. Vatnet var sjefen og alle andre måtte rydde opp.
Korleis gjere det? Når seks store bruer og ei rekkje mindre vart øydelagde, og riksvegen heller ikkje var brukandes grunna breelvanes herjingar. Og fantes det midlar og plan for opprydding og flaumsikring?