Jernbetong og kabelgate
– glisne skogen blir tilbake

Kraftoverføring som kime til konflikt gjennom 80 år.

To menn holder demonstrasjonsplakat, mange flere demonstranter bak.
Demonstrasjon i Oslo mot kraftledningen Hol-Oslo november 1946. Foto: Ukjent, Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek (Arbark).
EP06 Lange linjer, stor spenning

Det norske landskapet med høge fjell og djupe dalar har gitt oss det fortrinnet som vasskrafta utgjer, men det same landskapet har samstundes gjort kraftoverføringar til ein krevjande øving. Med ein kraftproduksjon som i all hovudsak ligg desentralisert, har overføringa av krafta til deler av landet der majoriteten av forbruket går føre seg vore naudsynt for elektrifiseringa av samfunnet. Heilt utan motstand og konflikt har heller ikkje arbeidet med kraftoverføringa vore.

På den eine sida har landskapet sjølv ytt motstand. I pionerfasen av kraftoverføringa var det krevjande terreng og klima i høgfjellet som sette grenser for val av trasé. Utvikling av stadig betre overføringsteknologi gjorde landskapet til eit stadig mindre hinder for traséval, men dei siste 80 åra har det dukka opp ein ny bøyg: eit menneske med plakat, lenker og pågangsmot.

Med plakatar med lyriske slagord, hornmusikk og korrekt turantrekk innimellom frakkar og kåper dannar demonstrantane eit veldig skue. Det er 28. november 1946 i hovudstaden. Demonstrantane møtes på Youngstorget før dei bevegar seg ned gjennom sentrum til Rådhuset.

Nordmarka som heilagdom

Det er etterkrigstid, og med kraft skal landet byggjast. Ei veldig kraftutbyggjing i Hallingdal skal levera straum til forbrukarane i Oslo og kraftleidninga Hol – Oslo er med sine planlagde 187 km, den lengste enkeltleidninga som har vore bygd i landet. Spenninga i overføringa vil bli 220 kV, også eit nybrott for kraftoverføringa. Men det som skaper flest overskrifter er dette: innføringa av krafta til Oslo gjennom Nordmarka.

For dei friluftsintresserte innbyggjarane i Oslo er Nordmarka ein heilagdom. Det er her dei slepp unna byens kjas og mas, snører sin sekk og spenner sine ski. At det skal setjast opp veldige master med leidningar i synsfeltet les dei som ein provokasjon. Dei fryktar at området blir øydelagt som friluftslivsområdet for all ettertid, og ser i det lengste at krafta frå Hallingdal blir ført inn til byen via provisoriske tremaster, før myndigheitene finn ein alternativ trase.

«Jernbetong og kabelgate – glisne skogen blir tilbake. La oss drepe ukulturen – for å redde søndagsturen!» Demonstrantar frå Handelsgymnaset, 1946

Stadig fleire sluttar seg til toget av demonstrantar, og når dei når Rådhuset er det kring 30 000 – 40 000 menneske samla. På dei mange plakatane er det fleire fyndige slagord. Elevane frå Handelsgymnaset står bak det mest populære:

Fleire av slagorda ber preg av okkupasjonstida som nett er tilbakelagt.

«Nazipakk og tyskerbande

Ød`la nesten halve landet`

Og nå skal kommunen vrake

Nordmarka som ble tilbake»

En mann holder demonstrasjonsplakat, flere demonstranter rundt.
Demonstrasjon i Oslo mot kraftledningen Hol-Oslo november 1946. Foto: Ukjent, Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek (Arbark).

Motstandskampen held fram

Og nettopp krigen blir viktig dersom me skal forstå dette veldige engasjementet for vern av Nordmarka. Under krigen fekk Nordmarka viktig symbolverdi for motstandskampen. Det var i Nordmarka at «gutta på skauen» trena og dreiv med opprustning. Motstand mot utbyggjinga hadde allereie meldt seg med konsesjonen i 1943, men nazistane sette ein effektiv stoppar for slike ytringar. Utbyggjinga av Hol kraftverk i Hallingdal kunne halde fram under krigsåra, under oppmuntring frå tyske interesser. Ikkje heilt utan betydning var det dessutan at generaldirektør for Oslo Lysverker, som var utbyggjar i saka, var NS-medlem.

Saman vekta friluftsinteresser og motstandskamp sterkt. Motstanden kom først til utrykk gjennom ei rekkje med avisinnlegg både frå private, turistforeningar, sportsfiskarar, orienteringsforbundet og politiske ungdomsorganisasjonar frå Unge Høgre til Kommunistisk Ungdomslag. På dagen 28. november 1946 skal saka opp til handsaming i kommunestyret, og demonstrantane tek til gatene for å syne sin misnøye.

Radioreportasje frå demonstrasjon i 1946. Opptak: NRK.

Formannskapet i kommunen er ikkje interessert i ytterlegare forseinkingar i prosjektet, og let seg ikkje påverka. Formannskapet går inn for forslaget som ligg på bordet og bystyret i Oslo sluttar seg til tilrådinga. Pipekonserten frå folkehavet når avgjersla kjem for ein dag skrik i øyro, men etter kvart løyser folkehavet seg opp og demonstrantane går heim kvar til sitt.

Kraftleidninga Hol – Oslo blir utbygd, men noko har skjedd. Demonstrasjonen i Oslo er berre starten på det som skal bli fleire tiår med folkeleg motstand mot utbyggjing i sårbar natur.

Ung kvinne i bunad blir båret bort av politi i uniform.
Synnøve Kvamme blir båret bort av politiet på Rong 7. juli 2011. Foto: Vidar Herre, Avisa Hordaland

«Monstermaster» i Hardanger

Ei jente i bunad og fire politifolk. Fotoet er symboltungt, det luktar nasjonalromantikk og bondesamfunn mot overmakta. Jenta i bunad er Synnøve Kvamme frå Granvin i Hardanger. Ho blir boren bort medan ho protesterer mot det som i det offentlege ordskiftet vart døypt «Monstermastene» i Hardanger. Korleis endte ho opp her? Me må gå attende til tidleg 2000 tal.

På tidleg 2000 tal konkluderer Statnett med at det skal byggjast ei kraftlinje frå Sima i Eidfjord til Samnanger. Kraftlinja skal sikra kraftforsyninga til Bergen. Linja skal gå opp på fjellet i Eidfjord og følgja fjellet ut Hardangerfjorden. Linja vil krysse over fjorden ved Os og Granvin.

Eit lokaldemokrati på prøve

Planane vekkjer misnøye allereie i 2004 og i 2005 vart organisasjonen «Folkeaksjonen mot 420 kV kraftlinje Sima-Samnanger» skipa. Motstandarane peiker på eit alternativ: det burde gå an å leggje linja i kabel som leggjast i fjorden.

Privatpersonar, lokalpolitikarar og miljøvernorganisasjonar står saman i motstandskampen. 2. juli 2010 gjev likevel Olje- og energidepartementet Statnett konsesjon for å byggje kraftlinja.

Vedtaket fører til sterke reaksjonar og fleire store demonstrasjonar. Det blir sett ned fire utval som skal undersøka om sjøkabel likevel kan vera eit alternativ i denne saka. Utvala arbeider raskt, og allereie 1. februar er utvala klare med sine rapportar. Dei peiker på at det går an å legge i sjøkabel, men det vil bli dyrt og prosjektet vil ta lenger tid. Samstundes har rapportane òg undersøkt moglegheita for å oppgradera eksisterande linjer, i tillegg til undersøkt om situasjonen med straumforsyninga ikkje var så prekær likevel, og rapportane peiker på at det kunne vera nyttig å sjå på heile straumforsyninga på Vestlandet på ny.

1. mars 2011 held Olje-og energiminister Terje Riis Johansen ein pressekonferanse. Han har lese rapportane til utvala, men meiner at ein ikkje har tid å miste. «Enhver utsettelse svekker forsyningssikkerheten» uttaler Riis Johansen her. I mai 2011 tek arbeidet med å setje opp mastene til. Kraftlinja blir 92 km med opp mot 42 meter høge master.

Motstandarane døyper no organisasjonen sin om til «Hardangeraksjonen». Aksjonen organiserer fleire demonstrasjonar, synfaringar til fjells og punktmarkeringar.

«Det var ein kamp for lokaldemokratiet og om at sanninga om kva denne straumen skulle brukast til skulle koma fram.» Halldis Folkedal, 2016 - Sitat frå intervju med Norsk Tidend

Sivil ulynad

Motstandskampen går no inn i ein ny fase og aksjonsgruppa tek i bruk sivil ulynad som verkemiddel.

Aksjonistane prøver å hindre anleggsarbeidet men blir gjerne vist bort av politiet, som har fått beskjed om å fjerna dei så fort som råd. Politiet delte ut ferdsselsforbod, tok foto og stundom også DNA-prøvar av folk dei møtte til fjells. Fleire av aksjonistane vart ilagt dyre bøter.

Vinteren 2013/2014 stod kraftlinja ferdig. Trass i sterk motstand frå fleire hald over fleire år, vart det master i Hardanger.

Det er langt mellom Indre Hardanger til Nordmarka. Mellom etterkrigstid og totusental. Mellom hornmusikk, slagord på rim og sivil ulynad. Men det folkelege engasjementet på vegne av ein sårbar natur, som sjølv ikkje roper, er det same. Kven skrik ut ved neste korsveg?


Utforsk Kraftlandet