Fossespekulantar

Fossane trekte ikkje berre til seg turistar, nokre såg det kvite kolet i fossen. Dei såg hestekrefter, turbinar og pengar. Men kven var fossespekulantane?

Portrett av mann
Sam Eyde. Foto: Ukjent, Nasjonalbiblioteket.

Sam Eyde

Eyde fattar tidleg interesse for potensialet i dei norske fossane. Med svensk kapital frå Wallenberg konsernet på innerlomma kjøpte han opp vassdragsrettar i både Glomma, på Rjukan og i Tyssovassdraget. Saman med Kristian Birkeland etablerte Eyde Norsk Hydro.

«I den brølende heksekjelen av en foss skulde der graves, mures og bygges.»
Fødestad:

Arendal

Levde til - frå:

1866 - 1940

Stilling:

Ingeniør og industripioner

Kjøpte vassdragsrettar i:

Glomma, Rjukan og Tysso

EP02: Kontroll
Portrett av mann
Fredrik Wilhelm Louise Hiorth. Foto: Norsk Teknisk Museum.

Fredrik Wilhelm Louise Hiorth

Hiorth var ein allsidig industripioner. Då det i 1890 åra raste debatt kring utnytting av vasskrafta og straumtilførsel til Christiania, engasjerte Hiorth seg sterkt på sida som argumenterte for at hovudstaden burde satsa på utnytting av vasskrafta i Glomma. I åra som følgjer, markerer Hiorth seg som fosseoppkjøpar, både åleine og saman med andre forretningspartnarar som til dømes Sam Eyde.

«Hans store dyktighet var å skaffe sig håndgivelser på eiendomsrettigheter. Han hadde en merkelig evne til å omgås bønderne. »
Sam Eyde - om forretningspartner Fredrik Wilhelm Louise Hiorth
Fødestad:

Østre Aker

Levde til - frå:

1851 - 1923

Stilling

Ingeniør og industrigründer

Kjøpte vassdragsrettar i:

Vammafoss i Glomma, Rjukanfossen i Telemark og Bjølvefossen i Hardanger

Rjukanfossen, 1891. Foto: S. Körnich, NVEs fotoarkiv.
Portrett av mann
Gunnar Sætren. Foto: Jens Carl Fredrik Hillfling-Rasmussen, Oslo Museum.

Gunnar Sætren

Som Kanaldirektør var Sætren sjølv djupt inne i debatten om fossespekulasjon og utanlandske oppkjøp som herja kring 1900, og statsminister Gunnar Knudsen retta kritikk mot han for manglande initiativ for statleg oppkjøp av rettar til vassdrag. Betre vart det ikkje då det framgjekk at Sætren sjølv hadde eigarinteresser i vassdrag via eit oppkjøp av Rjukan Hotell AS. I ein alder av 64 år vart Sætren bedt om å seie i frå seg stillinga som kanaldirektør. Likevel heldt han seg stadig med arbeidet innan norske vassdrag. Han var mellom anna sjef for den omfattande utbyggjinga av Nore kraftverk i Numedalslågen.

«Hvis hans interesser for disse store vandfald er værdifullere for han end stillingen som kanaldirektør, saa faar han vælge det at være forretningsmand. »
Johan Castberg, 1906 - om embetsmannen Gunnar Sætre
Fødestad:

Elverum

Levde frå - til:

1843 - 1928

Stilling:

Ingeniør og direktør for Kanalvæsenet (forløpar til dagens NVE)

Kjøpt vassdragsrettar i:

Rjukan

/episodar/kontroll/