Fossegrimen

Når veldige fossefall vert lagt i røyr, er det ikkje berre turistane som mistar eit turmål, det er nokon som mistar heimen sin. Jamføre nordisk folketru lever eit vesen under fossen.

Mann med fele under foss
Paul Ottar Haga som Fossegrimen. Foto: Gisle Bjørneby, Det norske teatret.
EP02 Kontroll

Fossegrimen er ein skikkelse som folk er litt redd for. Ordet grime syner til noko som er stygt eller farleg, og Fossegrimen er ein figur folk må passa seg for. Men om du har lyst til å bli flink til å spela fela, då bør du halda seg inne med Fossegrimen. For myta om Fossegrimen er tett knytt til musikk og særleg felespel. Kan hende myta om Fossegrimen oppstod nettopp for å forklara den melodien, eller songen du kanskje høyrer om du står tett opp under ein foss som brusar.

Myta fortel at Fossegrimen var ein dugande spelemann, og om du ville læra å spela av han, måtte du gå til ein foss tre torsdagskveldar på rad eller på sjølvaste Jonsoknatta. I folketrua var dette ei magisk natt. Du måtte ikkje koma tomhendt, du måtte ha med deg ei gåva til Fossegrimen. Dette kunne gjerna vera i form av eit fenalår eller noko anna godt. Dette kan finna si forklaring i tradisjonen med at spelemennene som lærte vekk slåttar til andre spelemenn, fekk løn for strevet.

Fossegrimen si føretrekte gåva var fenalåret. Dette kan kanskje forklarast med at fenalåret eller bogen kan likna ei fela. Folk vart åtvara mot å prøva å lura Fossegrimen, og skrekkhistorier om dei som hadde forsøkt, florerte.

Fossegrimen
«Fossegrimen». Kunstnar Nils Bergslien. Tyssedal Hotell. Henta frå Wikimedia Commons.

Om ein prøvde å lura Fossegrimen med å kasta berre eit bein i fossen, ikkje bogen, kunne ein kanskje høyra klagesongen frå fossen.

«Du gav meg eit kjøtbein med lite på. Du skal lære å stille, men ikkje å slå.»

Fossegrimen var ikkje nødvendigvis noko farlegare enn andre vetter i folketrua, men han har hatt ei særeiga kobling til djevelen sjølv, mykje på grunn av felespelet. Fela, og særleg Hardingfela, har hatt status som nasjonalinstrument, og meisterspelemennene har vore høgt verdsette. Men i meir pietistiske tider i landet har fela vore sett i samanheng med det vonde, syndige, med dans og alkohol.

Fela var beint fram eit djevelens instrument. Så om fela var djevelen sitt instrument, måtte Fossegrimen stå i kontakt med djevelen sjølv! Fossegrimen kunne forheksa tilhøyrarane sine med spelet, slik berre dei beste spelemenna kunne.

Neste gong du er på tur, må du høyre godt etter. Kanskje høyrer du spelet i fossen?


Kjelder

  1. O. Bø (1987). Trollmakter og godvette: overnaturlege vesen i norsk folketru. Det Norske Samlaget
  2. Ane Ohrvik. Allkunne. Fossegrim. Lokalisert 14.02.20 på Verdensveven: https://www.allkunne.no/framside/religion-livssyn-og-folketru/folketru/fossegrim/527/11932/

Utforsk Kraftlandet