Katastrofen

Staden for vasskraftutbygginga var ikkje rekna som særleg rasfarleg. Men i uvêret som herja løysna ein skavl høgt oppe i fjellet og tok med seg dei dødelege snømassane ned mot anlegget.

Ekstreme forhold under Bondhusbreen i Mauranger. Foto: Bjørn Wold. NVE.
EP01: Brefolket

Orkan i fjellet

Arbeidet med vasskraftanlegget under Bondhusbreen er i full gang på eitt av dei mest utilgjengelege fjellområda i Norge denne fredagen den 9. januar 1970. Sigurd Sundal har nettopp ete middag med sju arbeidskameratar i vaskebrakka.

Det er storm med orkan i kasta her oppe under Norges tredje største bre – Folgefonna. Sigurd registrerer uvêret då han går attende til arbeidet sitt i kompressorhuset, men han har mykje å gjera, så han let seg ikkje forstyrra av at vinden uler og snøfokket fyk utanfor.

Mektige naturkrefter i sving under Bondhusbreen. Foto: Bjørn Wold. NVE.

Sjokket

Arbeidskameratane har gått til verkstaden, som ligg like ved vaskebrakka. I tillegg til desse tre arbeidsstadene, er her også ei kvile- og kontorbrakke. Bygga er stålkonstruksjonar som ligg på eit lite platå. Eit godt stykke unna innslaget er ein kraftverkstunell så vidt påbegynt, eitt år etter at vasskraftutbygginga under breen starta.

Etter eit par timar stikk Sigurd hovudet ut for å trekke frisk luft, og blir forferda over synet som møter han. Berre delar av brakka der dei for eit par timar sidan hadde ete middag, stikk opp frå dei enorme snømassane. Alt er knust og forvridd. Taubana er vekk, øydelagt av naturkreftene som har vore i sving.

«No er eg aleine att her oppe.»
Sigurd Sundal, anleggsarbeidar, 1970

Sigurd har ingen moglegheiter for å kome seg ut frå kompressorhuset, så han sit i ly der og ser ut gjennom eit hol i veggen for å halde utkikk etter overlevande.

— Det gjekk mange tankar gjennom hovudet. Skulle eg våge meg ned til folk i orkanen, eller skulle eg bli verande der eg var.

Etter ei tid ser han folk kome ut frå tunellutgangen, og skjøner at det er fleire enn han som har overlevd.

Vitner minnast ulykka 50 år etter. Video: NRK.
«Håpet gikk over i fortvilelse ettersom tiden gikk [...] Det er den alvorligste ulykke som har rammet oss i NVE og vel også kraftutbyggingen i det hele tatt.»
Sigurd Aalefjær, direktør ved Norges vassdrags- og energidirektorat, 1970

Redningsarbeidet

Staden der raset har gått, ligg 850 meter over havet i Rednesdalen under Folgefonna, og anleggsvegen går ikkje heilt opp. To av dei fire overlevande spring ned fjellet til Austrepollen ved Maurangerfjorden for å varsle. Ein hard og farleg tur i orkanen. Om lag ein time seinare varsler dei anleggsleiar Døhlen om raset og dei sju sakna.

Eit frivillig redningsmannskap på seks mann kjem seg til fjells i uvêret, freister straks å grave etter dei sakna, men må gje opp fordi vinden og snoen er så kraftig at dei ikkje kan halda seg oppreiste. Dei må gje opp vidare arbeid, og søkja ly i tunellen saman med dei tre som er att av dei overlevande.

Eit helikopter flyg over breen, men har ingen moglegheiter for å lande i det forferdelege uvêret. Først utpå laurdagen løyer vinden og dei kan kome seg ned til brakka ved Rednesdalsvatnet.

To menn i vinterklær, redningsmannskap
To av redningsmannskapet. Faksimile fra Haugesunds Avis, 10. januar 1970.

Eit vanskeleg søk

Litt over midnatt laurdag kjem startordren - endeleg kan leitemannskapa koma seg opp i fjellet og starte søk. Det vert ein hard tur i tett snødrev og mørke. Nokre stader må dei legge seg flate for ikkje å blåse vekk. Dei er nære ved å verte trefte av ei bølge-blekkplate frå nedre taubane som kjem fykande i den sterke vinden.

I tre-tida om natta kjem dei endeleg fram til ulukkesstaden. Etter litt mat og kvile starter dei søket med hjelp av sju hundar og 22 mann. Mannskapa frå Røde Kors Hjelpekorps finn den første sakna i restane etter verkstadbrakka søndag kl. 9.06. Snøen er så hardpakka at det tek to timar å grave han ut.

«Eg har ikkje ord som beskriv tilhøva på sjølve rasstaden då vi kom fram. I det forferdelege uvêret var staden nærmast å samanliknast med eit inferno så stort og så rystande at eg håpar eg aldri får oppleva slikt att nokon gong.»
Otto Blokkhus, leitemannskap ved Kvinnherad Røde Kors

Raset hadde ein breidde på 40 meter, og var 150 meter langt. Etter kvart er leitemannskapa oppe i hundre mann. Søket fortsett heile søndagen, og kl. 18 er alle dei sakna funne. Ingen har overlevd. Fem av dei blir funne inne i den knuste verkstadbrakka, dei to siste ligg i eit juv hundre meter under platået der brakkene stod. Dei fleste omkomne var lokale arbeidsfolk og hadde familiar i Kvinnherad.

Allereie fire dagar etter ulukka startar anleggsarbeida opp att.

Forsiden på Bergens Arbeiderblad. Overskrift: Dødsraset i Maurangerfjellet 40 meter bredt.
Ulykka fekk stor merksamd i norsk media. Faksimile frå Bergen Arbeiderblad, 12. januar 1970.
Forside på Tidens Krav. Oversrkrift: Sju saknet etter et snøras ved Maurangefallene.
Nordmenn var oppteke av det tragiske dramaet. Faksimile frå Tidens Krav, 10. januar 1970.
Forsiden på Bergens Arbeiderblad som omtaler raset i Mauranger. Overskrift: Anleggsbygg sopt vekk av skred - 7 saknet.i Mauranger.
Oppslag på avisforside dagen etter ulykka. Faksimile frå Bergens Arbeiderblad, 10. januar 1970.

/episodar/brefolket/


Kjelder

  1. Sigmund Hansen (10.01.1970). Håpet som brast - ingen overlevde. Haugesunds Avis
  2. Sigurd Aalefjær (Februar, 1970). Fossekallen. Hovedstyret for vassdrags- og elektrisitetsvesenet http://publikasjoner.nve.no/fossekallen/1970/fossekallen1970_01.pdf