Brefolket

Episode 1 Løyndomane under isen

I landet mot nord har menneska levd sine liv tett på breen, i kamp mot den veldige isen. Men noko er i ferd med å skje. Dei norske breane trekkjer seg tilbake. Isen som smeltar fortel om eit klima i krise, om ei verd i endring. Kor skal brefolket no ta vegen?

Del 1

Løyndomane under isen

Svartisen subglasiale laboratorium gir forskarane unik kunnskap om isen og fortel ei historie om ei verd i endring.

Bilde av breforsker Miriam Jackson, sittende ved Engabreen.
Breforsker Miriam Jackson i forgrunn av Engabreen. Foto: Dag Endre Opedal. Kraftmuseet.
«Eg synes Engabreen er ein av dei vakraste breane me har i landet. Men han har trekt seg mykje tilbake.»
Miriam Jackson, breforsker ved Norges vassdrags- og energidirektorat, 2019

Med sola i augo og breen i ryggen sit Miriam Jackson på ein bergknaus langs stien som fører opp til arbeidsplassen hennar. Breen bak ho er Engabreen, ein arm av Svartisen i Nordland, Noregs nest største (Vestre Svartisen) og fjerde største isbre (Østre Svartisen) med sine totalt 370 km2.

Breforskaren leiar veg opp til tunellinngangen til det som har vore arbeidsplassen hennar i ei årrekkje som breforskar i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Der inne, der breen er 200 meter tjukk, ligg Svartisen subglasiale laboratorium.

Unik kunnskap i verdensklassen

Laboratoriet er det einaste av sitt slag i verda, og gir forskarane direkte tilgang til undersida av breen. Laboratoriet vart etablert i 1992 i samband med at Statkraft laga inntakstunellar under Engabreen for å drenere smeltevatn direkte frå elver under breen til vasskraftmagasinet Storglomvatnet. NVE eig og driftar brelaben, og det er Miriam Jackson som leiar forskingsarbeidet her oppe.

Med eit knepp går døra inn til tunellinngangen opp. Frå den ljose soldagen skal me no inn i mørket, og temperaturen fell raskt frå 24 til 4 grader. Utstyrt med hjelm og lommelykter går ferda vidare innover fjellet og snart inn under breen.

Eit par kilometer innover grusvegen møter vi brakkene som utgjer innlosjeringa for forskarane som oppheld seg her inne, gjerne veker i strekk. Frå brakkene syner Miriam oss vidare opp til brelaboratoriet.

Hjelm med hovudlykt må til når er arbeider inne i tunellen. Arbeidshanskar til bruk i brelab.
Svartisen subglasiale laboratorium.
Video: Kraftmuseet.
Miriam Jackson lastar ned seismiske data.
Miriam Jackson lastar ned seismiske data i brelaben. Foto: Dag Endre Opedal. Kraftmuseet.

- Det er alltid spennande å sjå om alt fungerer som forventa, seier Miriam medan blikket er festa til skjermen framfor henne.

Inne i brakka som utgjer laboratoriet, står ein bærbar PC. Inne i den ligg dagens oppdrag: Å nedlaste seismiske data. Dette er data som over tid fortel forskarane noko om korleis breen trykket i breen er i endring og avdekkar korleis breen bevegar seg. Og at breen er i rørsle og endring, kan ein sjå med det blotte auga.

For Engabreen har trekt seg tilbake dei siste åra. Det same har mange andre av dei norske breane.

/episodar/brefolket/

Del 2

Breen som klimaindikator

«Det er veldig synleg på breane at noko skjer.»
Miriam Jackson, 2019

Det er få andre naturelement som ropar så høgt om ei verd i endring, ei verd i krise, som breane som smeltar. Avsmeltinga har både kortsiktige og langsiktige konsekvensar. Når dei norske breane forsvinn, mister Norge eit viktig landskapselement.

Eit land av snø og is

Ein isbre er ein masse av snø og is som blir liggande over eit landområde, men som er i stadig rørsle. Som ein brøddeig flyt ein isbre utover og jobbar mot underlaget han ligg på.

I mange tusen år var heile Norge dekt av is. Store delar av isen som dekte Norge var opp til 3000 meter tjukk. Ein reknar med at heile 30 slike istider har dekt den nordlege halvkula dei siste 3 millionar år. Kvar av desse istidene varte i 70 000 – 100 000 år, og blei brotne av varme periodar på kring ti tusen år.

No er altså dei norske breane i ferd med å smelta i ein voldsom fart.

Ei verd i endring

Mellom dei kortsiktige konsekvensene av smeltinga peiker Miriam på tap av breen som turistmål lokalt. I eit meir globalt perspektiv har avsmeltinga store konsekvenser for til dømes havnivå.

- I seg sjølv ville ikkje avsmeltinga av Engabreen hatt den store påverknaden på havnivået globalt, men når alle verdas brear smeltar, får det stor betydning for havnivået, og det går ganske raskt, forklarer Miriam.

Bretunge og sjø med båt.
Engabreen 1882. Foto: Charles Rabot. NVE.
Engabreen, 2017. Foto: Jostein Aasen. NVE.

I tillegg til havnivåstigning peiker Miriam på korleis det rundt om i verda finst menneske som er avhengige av vatn frå breen til drikkevatn og til jordbruk. Om breen forsvinn blir kampen om vatnet tilspissa.

Prognosane som Miriam og hennar kollegaer arbeider fram frå laben under breen inngår i eit internasjonalt forskingsfelt. Dei modellane som blir skrive med basis i Engabreen har overføringsverdi til andre brear og område med is, som til dømes Grønlandsisen.

Om Miriam skal sjå inn i krystallkula si og seie noko om Engabreen 10 år fram i tid, er ho klar i talen sin.

«Me har sett dei siste 20 åra korleis Engabreen har trekt seg tilbake og blitt tynnare. Om det held fram slik, så blir breen berre mindre og mindre. Det er ganske trist, og det har skjedd så raskt.»
Miriam Jackson, breforsker ved Norges vassdrags- og energidirektorat, 2019
Engabreen, ein arm av Svartisen. Foto: Dag Endre Opedal. Kraftmuseet.

Seismiske data er nedlasta og harddisken er pakka ned att i sekken til Miriam. Me skal ut av den mørke tunellen og inn i den lyse dagen att. Miriam låser døra til tunellen bak seg og gruppa tek fatt på nedfarten.

Heile vegen ned har me breen i ryggen. Stadig der, stadig iskald om dei løyndomar han husar, men ikkje for evig.

Fleire forteljingar i denne episoden

Tvede (20) (1)

Breen som vart temt

Iskontorets Brebilder 01190 (1)

Å overleve – mot alle odds

Brenndalsbreen

Breulykker

Boyd Portfolio16,Nr5

Ei iskald vare

Theresebertheau (1)

Klatrepionerer i kjole

Glittertind. 2.

Patentføreren - en mann med utveier

2020 09 18 Storbrean Jaas (3)

Breutstyr før og nå

Bondhusbreen (2) (5)

Katastrofen

Hytte A

Sommerjobb på Norges tak

Vind på Folgefonna

Et nytt landskap smelter fram

Brearkeologi

Frosne spor fra fortiden

Sperring, Nigardsbreen

Seks dager krever seks liv

Sportreformdrakt

Skjørtekanter til besvær

Hesteskyss Folgefonna

Med hest og kjerre over Folgefonna

Helikopter på Holmaskjer

Flygende gjennom snødrevet

Avrenning fra Gråsubrean

Isen som forsvinner

Austdalsbreen

Hvor trygt er brevandring?

Vinduet Bondhusbreen

Vinduet